Roleg julebordsnatt i fylket

Ein mann hamna i arresten for fyllebråk i Måløy.

Promillekontroll

RÅD: Sov ut julebordsrusen før du set deg bak rattet i dag, oppmodar politiet.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Natta var forholdsvis grei, seier Espen Gulliksen frå politiet sin operasjonssentral i Florø.

Den siste innspurten i julebordssesongen før høgtida baud ikkje på problem for politiet i fylket.

– Ein mann vart sett i arresten for festbråk og skadeverk, men utanom det var det roleg, seier Gulliksen.

Laster Twitter-innhold

Rår folk til å sove ut etter festen

I julebordssesongen er politiet ekstra synlege på vegane. Det er for å hindre at det skjer ulukker i trafikken. Dei vil passe på at folk ikkje køyrer med promille dagen etter fest.

– Julebordstid er rustid, så då er det viktig å vise seg. No har vi eit satsing, slik vi har nokre veker no og då, seier Gulliksen.

Han har eit godt råd til dei som har vore ute og feira med vener og kollegaer.

– Sov godt ut gårsdagen før du set deg i bilen i morgonen, det er eit godt råd, seier Espen Gulliksen.

Sjekk vêr og føre

Vestlandet er prega av mildt og vått vêr denne søndagen, men ver likevel obs.

Det kan vere glatt på fjellovergangane der det er kaldare. Som på Vikafjellet, der vegvesenet melder at temperaturen er rundt 0 grader, og snø- og isdekke kan gjere vegbana glatt.

  • nrk.no/trafikk kan du sjekke trafikkmeldingane før du legg ut på køyretur i dag.
Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.