Hopp til innhold

Verprofeten i Sogn har hatt travle dagar under meteorolog-streiken

Den 80 år gamle verprofeten Magnus Skildheim i Vadheim i Sogn har blitt nedringt frå folk over heile landet etter at meteorolog-streiken var eit faktum.

Magnus Skildheim

VERPROFET: Magnus Skildheim hevdar hardnakka at han kan spå veret utfrå det han ser av teikn i naturen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

80-åringen på fjellgarden Rørvik i Vadheim ved Sognefjorden har travle dagar.

I mange år har han vore kjend som ein av dei store verprofetane her i landet, som spår veret ut frå teikn i naturen.

– Eg har ikkje hatt nedbør sidan 19. mai. Da fortel at det stemmer det som eg spådde her tidlegare, fortel Magnus, før ei haglbyge kjem og øydelegg statistikken hans.

Høyr intervjuet med Magnus Skildheim frå NRK Ukeslutt.

Mange vil vite veret

Han fortel at det har vore mange telefonar dei siste dagane.

– Eg har jo ein heil hær som trur meir på meg enn på meteorologane, så dei ringer jo før til meg. Det er mange journalistar som ringer no når det er streik, ler Skildheimen, som folk flest kallar han.

Opp gjennom åra har han blitt intervjua av dei fleste. På TV, riks- og lokalaviser og på radio. Til og med frå Amerika har dei ringt.

– Jada, eg har fått telefon frå folk i USA, gliser 80-åringen.

Ser på naturen rundt seg

– Kva teikn er det du ser etter når du skal spå veret?

– Eg ser jo etter teikn i naturen. Kva månefase vi har, det er veldig viktig. Fuglane og dyra, og maur og makk. Gå til mauren og bli vis, heiter det jo.

– Men om ein bur i ei blokk i Oslo, då er det vel ikkje noko verteikn ein kan sjå etter?

– Joda, i aller høgste grad. Dersom det til dømes byrjar å knake i veggene, då blir det vind. Alt etter kor mykje det knakar og smell i veggene, så sterk blir vinden. Går du ut og trakkar på eit grasstrå og det smell i det, så blir det veromslag. Byrjar det å lukte sterkt, til dømes frå ein kloakk. Då blir det veromslag

Magnus Skildheim

VEIT VERET: Magnus Skildheim har lang erfaring med å spå veret utan bruk av tekniske hjelpemiddel.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Trur på katten sin oppførsel

Men ikkje nok med det. Magnus Skildheim held og på at oppførselen til kattane har sitt å seie for veret.

– Ein kan sjå det på oppførselen til kattane. Legg dei seg under omnen og ikkje vil ut, då kan du vere heilt sikker på at det blir styggever. Eg er redd for det at det gjerne sler om i veret no. Eg trur vi kjem til å få nedbør neste veke. Det gjeld både aust og vest, meiner Skildheimen.

– Kva med dei som bur i Nord og har hatt snø denne veka?

– Ja, det toskeskapet til å spele fotball i snø… men dei får framleis kulde, avsluttar verprofeten og ler hjarteleg.

Vel vitande om at han nok kjem til å få mange telefonar frå verhungrige nordmenn også i tida framover.