Hopp til innhold

Ring inn og sei di meining!

Kva meiner du om kutta i ambulansetenesta?

Ambulanse
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Helse Førde planlegg store kutt i ambulanseberedskapen i mange kommunar.

Dette har skapt eit stort engasjement i heile fylket.

Stort engasjement

Torsdag kan du seie di meining i føremiddagssendinga frå kl. 11.00.

Du har sjansen til å seie kva du tykkjer, direkte på radio, dagen før styret i Helse Førde gjer vedtaket sitt.

Bolstad i studio

I studioet kjem administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, kommunelege i Flora, Jan Helge Dale og ordførar i Vågsøy, Roger B Silden.

Ring oss på førehand frå onsdag føremiddag på 57 72 42 42.

Følg debatten på nettsida vår her