Riksveg 52 stengd i 30-40 timar

Riksveg 52 blir frå midnatt stengd i 30-40 timar ved Robru, mellom Gol og Hemsedal. Statens vegvesen opplyser at eit vogntog skal bergast. Det blir lokal omkøyring for personbilar, men køyretøy over 7,5 tonn må velge andre ruter.