Hopp til innhold

Riksveg 13 blir stamveg

Riksveg 13 over Vikafjellet får stamvegstatus.

Ras i Holo på riksveg 13 på Vikafjellet.

Riksveg 13 får stamvegstatus, og vikjene kan juble. ras og dårlege vintervegar har ofte ført til stenging vinterstid. Her er bilete frå ras i Holo på riksveg 13 på Vikafjellet. Arkivbilete.

Foto: Arnstein Karlsen

Statusen vil gjelde heile strekninga mellom Voss og Sogndal.

Marta Finden Halset

Ordførar Marta Finden Halset i Vik jublar over at riksveg 13 vert stamveg.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Fekk endeleg viljen sin


Det betyr at det er staten og ikkje fylket som vil ha ansvaret for strekninga. Og
ordførar Marta Finden Halset jublar over at kommunen har fått viljen sin.

- Det er vi sjølvsagt glade for. Vi reknar med at dette vert ei naturleg forlenging av stamvegen som er fremja frå Sandnes til Voss, seier Finden Halset.

Dette betyr at riksveg 13 får tilgang til den store statlege pengesekken i staden for at det er fylket som skal ha ansvaret for løyvingane. Håpet er mellom anna at dette skal gjere det enklare å få pengar til ein tunnel under Vikafjellet.

Mindre utgifter

Erling Sande

Erling Sande frå Senterpartiet meiner fylket ikkje vil få auka utgifter når riksvegen får stamvegstatus.

Foto: NRK

Stortingrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet seier at dei statlege kronene vil sikre snøbrøyting og heilårsopen veg over Vikafjellet.

Sande seier fylket får mindre utgifter, men like store inntekter.

- Det er viktig. For dette er eit samaband som ikkje berre er viktig for folk i fylket, men også for andre , seier han.

Tidlegare i år lova samferdsleminister Liv Signe Navarsete at fjellet skal vere vinterope. Og det har Sande stor tru på.

- Rekninga for dette skal staten ta, og fylket slepp. Og akkurat det er eit viktig vedtak for oss, seier han.

- Vil ha tunnel


Arbeiderpartiordføraren i Vik gir samferdsleminister Liv Signe Navarsete stor ære for at vedtaket går gjennom i Stortinget.

No håpar ho at ho er eitt skritt nærmare det gamle kravet om tunnel gjennom Vikafjellet.

Liv Signe Navarsete

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete får ros frå arbeiderpartipolitikar og ordførar i Vik Marta Finden Halset.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

- Ja sjølvsagt så er tunnel det fremste ønsket vårt. Det ville gje ein stabil og miljøvenleg veg, og det ville vere ei god løysing, seier Finden Halset.