Russell set pris på at Riksadvokaten no tek oppatt saka.
- Det er godt at norske styresmakter bryr seg om denne type saker, seier amerikanaren, som no spelar for Rosenborg.
Rasistiske tilrop og spytting
Det var medan Russell spelte for Sogndal episoden fann stad. Under ein kamp mellom Brann og Sogndal den 9. mai kom brannsupporterar med rasistiske tilrop og spytta på den farga sogndalspelaren. Begge klubbane fekk bøter av Norges Fotballforbund, men politiet la vekk saka. Sogn Avis skriv i dag at Riksadvokaten ber politiet ta oppatt saka.
Melde ikkje saka
Russell melde sjølv aldri episoden til politiet. No har Riksadvokaten bede Statsadvokaten vurdere om politiet ikkje likevel burde teke ut ein påtale grunna ålmenne omsyn. Statsadvokat Østby seier dei no har bede politiet i Sogndal ta oppatt saka.
- Prinsipielt viktig
Klubben sitt standpunkt i høve til om det skal takast ut påtale vil vere eit viktig element, seier Østby. Sjølv om Russell tykkjer det prinsipielt er viktig at saka kjem opp att, ønskjer han sjølv no å legge bak seg episoden på Fosshaugane.