Hopp til innhold

Reven beit til i gamasjen til Einar - no lever reven farleg...

Fredag skal ein tam rev i området rett nedanfor Turtagrø i Sogn ha bite ein person i armen. Same dag beit han også i gamasjen til Einar Fortun. No ber Statens naturoppsyn folk halde seg unna den tamme raudreven.

Rev og Fortun

BEIT: Ein rev beit fredag i gamasjen til rovviltkontakt Einar Fortun. Same dag skal reven også ha bite ein person i armen.

Foto: Alain Turgeon/Arne Eithun / Scanpix/NRK

Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Einar Fortun, stadfestar at reven er i overkant glad i menneske, og at han held seg i området som ligg eit godt stykke nedanfor Turtagrø.

– Fredag beit han etter meg, men eg gjekk med gamasjar, så eg hadde ikkje noko av det. Men eg har høyrt at han har bite nokon i armen, og slikt er ikkje bra. Revar har skarpe tenner, seier Fortun.

Ikkje sikkert han er sjuk

Om reven er sjuk eller ikkje, er førebels noko uklart.

– I vinter var han fin og flott i pelsen, men då eg såg han fredag, var han litt lurven. Men det er revane på denne tida, så eg har ikkje grunnlag for å seie at han har skabb eller anna, seier Fortun.

Han fortel at kommunen har bedd om at reven vert avliva, då han syner tendensar til å bite.

– Han er svært tam og går i vegkanten. Fredag måtte eg jage han ut av vegen, for han nekta å flytte seg. Her køyrer det mykje turistar, og dei har ikkje vit til å halde seg unna. Eit revebitt kan vere stygt, seier Fortun.

Han er mest redd for at turistar og andre farande, som ikkje får med seg oppmodinga om å late reven vere i fred, tek kontakt med reven og dermed vert skadde.

Ikkje mat reven

Han var ute og såg etter reven i går, men då såg han ikkje snurten av han. Fortun vurderer ein ny runde i dag. I mellomtida har han ei klar oppmoding til folk som ser reven.

– Lat reven vere og hald dykk unna. Ikkje gi han mat og ikkje klapp han. Han er van med å bli mata, og eg trur han bit etter folk når han ikkje får noko. Eg trur ikkje han er aggressiv, men det er ikkje vits å ta nokon sjansar, seier Fortun.