NRK Meny
Normal

Pussar opp gamal sti i Aurlandsdalen - først ut er ei øydelagd hengjebru

Ei ny hengjebru skal opna opp att ein gamal tursti i spektakulære Aurlandsdalen.

Ei ny hengjebru skal opna opp att ein gamal tursti i spektakulære Aurlandsdalen.

Den om lag 40 kilometer lange Aurlandsdalen er eitt av dei mest spektakulære turområda i landet. Men dei siste åra har besøket gått nedover, og no skal ei ny hengjebru lokka turgåarane tilbake.

Aurlandsdalen

IDYLL: Aurlandsdalen er eit veldig populært turmål.

Foto: Anna Gytri / NRK

For 150 år sidan måtte ein over denne elva på veg oppover dalen. No finst det andre alternativ, og brua over elva vart for nokre år sidan øydelagd i eit stort steinras.

Bjørn Vike

PUSSAR OPP: Byggmeister Bjørn Vike er ein av dei som skal setja i stand den gamle stien.

Foto: NRK

– Brua er ikkje heilt trygg å gå på no, så eg vil nok ikkje anbefala det, seier Bjørn Vike. Han er ein av dei som no vil setja den opphavlege traseen i stand, og hengebrua dei byggjer er første steg mot målet.

– For meg var det ein del av barneoppsedinga, ein måtte berre gå Aurlandsdalen. I dag må Aurlandsdalen konkurrere med mange andre flotte turmål, sjølv om det kanskje er den vakraste dalen i Norge. Det å etablera nye stiar og nye moglegheiter gjer at ein kan vera her i mange dagar. Det er mange spanande turar å gå og mykje å oppdaga, seier Vike.

– Den brua her blir på ein måte inngangsporten til eit nytt og spanande område som vert trekt fram att no.

Pussar opp gamal bru i Aurlandsdalen
Foto: NRK

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser