Hopp til innhold

Ankar dom for overgrepsbilete mot born

Gulating lagmannsrett har dømd ein rektor frå Indre Sogn til fengsel i 21 dagar for å ha hatt bilete og filmar med overgrep mot born. Dommen blir anka.

Knut Broberg og Louis Anda

STADFESTA: Forsvarar Louis Anda og aktor Knut Broberg fekk same svar i lagmannsretten, som i tingretten, i saka mot rektoren tiltalt for å ha barnepornografiske bilete.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Retten stadfestar dommen frå Sogn tingrett, der mannen også vart dømd til inndraging av to berbare datamaskiner. Fengselsstraffa er på vilkår, med prøvetid på to år.

Utgangspunktet i tiltalen var «minst 350 bildefiler», men fram mot ankesaka i Gulating lagmannsrett vart denne nedjustert til «minst 20 bildefiler».

– Min klient tek dette veldig tungt, og meiner han er uskuldig. Han har stått på det frå første dag. Han kjenner seg uskuldig dømd så langt og er sterkt prega av det som har skjedd, seier forsvarar Louis Anda til NRK.no.

Ankar dom til Høgsterett

Forsvararen meiner lagmannsretten har gjort ei rekkje saksbehandlingsfeil.

Saman med sin klient har Anda bestemt seg for å be Høgsterett oppheve dommen for å få ein ny gjennomgang i lagmannsretten.

– Dei har ikkje fått med seg dei tekniske utgreiingane, noko som er forståeleg når dei er så kompliserte og vanskelege. Difor burde lagmannsretten vore sett med såkalla fagkunnige meddommarar. Det gav ikkje lagmannsretten oss medhald i, noko vi meiner er sakshandsamingsfeil, seier Anda.

Treig datamaskin

Saka byrja å rulle etter at ekskona fekk hjelp av ei veninne då ho fekk dataproblem i 2010. På datamaskina, som både tiltalte og ekskona disponerte medan dei var gifte, fann veninna filer som ho meinte indikerte ulovleg pornografisk materiale.

Politiet aksjonerte mot mannen i august same året, og tok der hand om fire datamaskiner.

På nokre av desse avdekka dei både bilete og filmar med overgrep mot born.

Avviste kjennskap

Rektoren erkjende at han har sett på lovleg erotikk/porno på nettet, men har heile tida avvist kjennskap til funna politiet gjorde av bilete/filmar med overgrep mot born.

Både hacking og andre brukarar av datamaskina, som var utan passord, vart framheva frå forsvarar Louis Anda.

Men det er på det reine at politiet, i datamaskina si søppelkasse, fann to filmsnuttar på ti sekund med overgrep mot born. Samt 14 biletfiler/filmfiler som framstiller overgrep mot born.

13 vitneforklaringar

Det vart ført 13 vitne i saka, men retten kunne ikkje sjå noko som gir rimeleg tvil om at tiltalte har gjort seg skuldig etter tiltalen.

Politiet fann bilete og ei rekkje nettadresser som indikerte ulovleg materiale. Det skal også ha vore søkt etter sider som politiet seinare har gått igjennom. På desse sidene er det gjennomgåande bilete av jenter som er, eller gir seg ut for å vere, 18 år.

Har teke lang tid

Politiet fann også spor som påviste at mannen sin Facebook-konto, nettbank og epostteneste vart nytta i tidspunkt som sider vart vitja. Retten la vidare vekt på at søkjeorda som vart nytta, var brukarstyrte.

Forsvarar Anda seier mannen var kopla til Facebook til ei kvar tid.

– Tiltalte har erkjent å ha vore inne på lovleg vaksenporno, og då dukkar det opp ei rekkje bilete. Dersom ein er interessert og klikkar, så kjem det opp ei lang rekkje internettlenkjer som tiltalte ikkje har kontroll på. Desse lenkene inneheld mykje ulovleg barneporno. Dette er framheva frå forsvaret, men knapt nok brukt ofra eit ord i dommen.

Kritikkverdig

Saka har teke lang tid frå start til domstol, utan at mannen kan lastast for dette. Det var noko både aktor Knut Broberg og lagmannsretten la til grunn. Elles fann ikkje retten nokon formildande omstende.

Forsvarar Anda finn det kritikkverdig at lagmannsretten i hovudsak har fatta sin dom ut frå politiet sitt vitneprov og sakkunnig.

– Det mest spesielle er ei forklaring av at tiltalte måtte ha søkt 187.500 gonger på ulike barnepornografiske nettsider. Det svarar til faktisk eit heilt årsverk. Det var eit ganske viktig moment for forsvaret i prosedyren, men er ikkje omhandla av lagmannsretten i det heile, seier Anda.

– Trur du de får saka opp att på nytt?

– Ja, det meiner vi. Dei svakheiter og dei saksbehandlingsfeila som er med dommen, er av ein slik art at dei kan ha betydning for ein saksutfall og då reell moglegheit for å få saka inn for lagmannsretten for nytt.

Det har ikkje lukkast NRK.no å få kommentar frå aktor Knut Broberg i saka.