Hopp til innhold

Rektor sikta for overgrepsbilete

Ein rektor frå Sogn er pågripen for å ha lasta ned overgrepsbilete av born på ei datamaskin.

Eit heilt lite lokalsamfunn i Sogn er i sjokk i dag. Onsdag kveld blei dei informerte om at rektoren på skulen i bygda er sikta for å ha lasta ned overgrepsbilete av born på ei datamaskin.

– Skuleleiaren blei pågripen for ei veke sidan, fortel advokat Louis Anda.

Utestengd frå skulen

Skuleleiaren nektar for å ha gjort noko gale, seier Anda. Han viser til at klienten på det sterkaste avviser at han skal ha lasta ned overgrepsbilete av born på internett.

– Dette er ein PC som har stått på ein arbeidsplass der fleire har hatt tilgang - både familiemedlemmer og andre har hatt tilgang, seier Anda.

Rektoren sjukmeld

Politiet har ransaka og kverrsett den aktuelle PC'en, og den sikta rektoren er utestengd frå skulen medan etterforskinga pågår.

Den sikta rektoren er sjukmeld og har gått med på at han er utestengd frå skulen medan politiet etterforskar saka.

Blei sjokkerte

Leiaren i foreldreutvalet fortel at foreldra til elevane på den aktuelle skulen blei sjokkerte då dei blei informerte om den alvorlege siktinga i går. Dei yngste elevane vil bli skåna, medan dei eldste elevane vil få informasjon på skulen.

Rådmann i kommunen der skulen ligg, seier til NRK at saka er lei både for kommunen og for skulen.

Vil ikkje kommentere

Politijurist Erling Melvær stadfestar at politiet har oppretta ei sak, men ønskjer ikkje å kommentere dette av omsyn til dei involverte partane og den vidare utviklinga i etterforskinga.