NRK Meny
Normal

Dei første Lærdals-potetene er tekne opp av jorda

LÆRDAL (NRK): Aldri før har bøndene i Lærdal hausta poteter så tidleg som 12. juni. Ikkje før i 2016.

knut eltun

HEILT FERSKE: Under 24 timar etter at dette bilete er teke, kan ein kjøpe potetene i butikk i Bergen, fortel potethaustar Knut Eltun.

Foto: Odd Helge Brugrand/NRK

– Det tidlegaste vi veit om, er 13. juni. Så i år er det rekord, seier Knut Eltun.

Han er ein av veteranane innan landbruket i Lærdal, og leiar potetutvalet i Lærdal Grønt. Vi møter han i ein svær potetåker på Voll søndag morgon. Her har potethaustaren alt vore i sving i fleire timar.

Potetene, eller jordepla som Eltun kallar dei, vart sett i jorda 3. april. Drygt to månader seinare er dei klare for matfatet.

Tre bønder set rekord

– Vi ser det på storleiken. Dei må ha ei viss avling før vi kan begynne å ta dei opp. Det er storleiken det går på, forklarer Eltun.

Tre bønder i Lærdal startar søndag rekordtidleg levering av tidlegpoteter.

– I dag tek vi opp fem kassar på mellom 2 og 2,5 tonn på kvar av dei tre dyrkarane.

Etter å ha blitt hausta maskinelt, blir potetene køyrde til Lærdal Grønt sitt pakkeri der dei vaska og pakka.

Potet

REKORD: Aldri før har bøndene i Lærdal hausta poteter tidlegare enn i år. Frå venstre bonde Anders Voll Eltun og faren Knut Eltun.

Foto: Odd Helge Brugrand/NRK

Straks i butikk

Under 24 timar etter at Eltun-familien har teke opp Lærdals-potetene, blir dei å finne i butikk.

– Kravet frå Bama er at potetene som blir tekne opp om morgonen, skal vere i Bergen på ettermiddag kveld og i butikk dagen etter. Så dei er ganske ferske, konstaterer Eltun.

Forklaringa på kvifor Lærdal er så tidleg ute, er ifølge leiaren i potetutvalet enkel:

– Vi har hatt ein lagleg og god vår. Vi har nytta plast over med ein gong vi sette potetene, og har seinare lagt over akrylduk. Så det er ein kombinasjon av jobb og vêr.

Matforsyning for Bergen

Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt seier mesteparten av grønsakene som blir selt i Bergen kjem frå Lærdal.

– Lærdal er Bergen er Bergen si hovudforsyning av grønsaker. Ingen kommunar i Sogn og Fjordane eller Hordaland er i nærleiken av å produsere like mykje som Lærdal.

Til saman har fem bønder prøvd seg med tidlegpoteter dekka med plast. Desse blir dei første som leverer. Dei som ikkje har dekka til, leverer seinare utover sommaren.

– Vi får sett jordepla tidleg om våren, vi har ei lett jord og god temperatur slik at dei kjem tidleg. Det er nøkkelen i Lærdal, seier Eltun.

Ifølgje potethaustaren er tidlegpotetene av god kvalitet.

– Det er litt sprekkar, men det var me klar over. Det skuldast den langvarige varmen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser