Hopp til innhold

Rekordtal for flyplassane

Talet på folk som nytta Florø lufthamn, auka med over 10 prosent i forhold til same periode i fjor. Også dei andre flyplassane i fylket opplevde ei auke.

Florø Lufthamn med DAT-fly

FLORØ LUFTHAMN: ... har opplevd den største auken i fylket i forhold til same perioden i fjor.

Foto: Birger Meland / NRK

Avinor sin passasjerstatistikk frå januar til august, syner at alle dei fire flyplassane i fylket opplever ei auke i passasjertalet.

Flora lufthamn har hatt over 118 000 reisande i perioden, ein auke på 10,3 prosent.

Tala inkluderer både offshore-trafikk og trnsitt- og transferpassasjerar.

– Me har nesten 1000 landingar og lettingar i august, seier lufthamnsjef i Florø, Siv Merete Stadheim til Firdaposten.

På andreplass i denne statistikken kjem Anda på Sandane, som hadde 32630 passasjerar, ein auke på 9,1 prosent.

Sogndal lufthamn Haukåsen hadde 65 000 passasjerar – ein auke på 3,7 prosent.

På Bringeland i Førde har 58 000 passasjerar vore gjennom, som er 4,7 prosent meir enn same periode i fjor.

Sogndal Lufthamn

SOGNDAL LUFTHAMN HAUKÅSEN

Foto: NRK