Hopp til innhold

Håpte på eit par hundre - over dobbelt så mange kom

Arrangementskomiteen hadde berre rekna med at eit par hundre kom til å stille til 1. mai-frukost i Dale. Men der tok dei feil. Nesten 500 stilte opp for å syne støtte til den vidaregåande skulen som no er nedleggingstrua.

Created by InfoDispatcher

STRØYMDE TIL: Folk kom frå mange kommunar for å delta i 1. mai-toget i Dale. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Fleire vart heilt på gråten. Så rørte vart dei over at så mange synte solidaritet, seier leiar i Fjaler Arbeidarparti, Roald Standnes.

Saman med Fjaler SV arrangerte Ap 1. mai-arrangement med både tog, frukost, minikonsert og appell. Og dei tykte dei hadde teke bra i då dei trudde vel 100 ville komme til frukost.

– Vi hadde laga til frukost til rundt 100 personar, men vi såg for oss at vi kanskje måtte få plass til 200, så vi jobba hektisk i dag tidleg for å få til det. Men det vart jo altfor lite. Mesteparten måtte gå heim fordi dei ikkje fekk plass, seier Standnes.

Folk strøymde til frå nabokommunane

Han beklagar det, men vel å sjå det positive i det.

– Det var jo positivt likevel at oppslutninga var så stor, seier Standnes.

Han legg ikkje skjul på at han som folkevald vart rørt av det han såg.

– Det kjennest kjempebra ut. Dette gjeld ikkje berre Fjaler. Folk kom frå kommunane rundt, både Askvoll, Hyllestad, Gulen, til og med Gaular og Solund. Hit kom folk frå alle parti, og det er flott å sjå, seier Standnes.

Toget starta frå Dale ferjekai, og ei stund var ein uroa for at ikkje så mange kom til å møte, sidan det kom svært få med ferja som la til kai like før.

Droppa ferja – tok eigen båt

Men den frykta var høgst ugrunna.

– Det synte seg at mange kom i eigne båtar fordi det passa dårleg med ferjetidene. Det rann på med folk frå alle kantar. Det var skikkeleg kjekt, seier Standnes.

Toget gjekk så gjennom sentrum og opp til Dale vidaregåande skule.

– Etter planen skulle vi gå inn, men det var ikkje plass til så mange så då måtte vi improvisere litt, fortel Standnes.

Per Arne Tveit heldt appell og musikkorpset heldt minikonsert.

– Dette har samla HAFS-regionen ytterlegare. Det var folk som sa at dei var på gråten av den store oppslutninga og stemninga. Det varma skikkeleg at så mange stilte opp, seier Standnes.

– Ein god ting å nytte 1. mai til

At ein nyttar 1. mai til å kjempe for skulen sin, framfor dei tradisjonelle 1. mai-parolane, tykkjer Standnes er flott.

– Dette er ting som har vore kjempa for i mange år. Uansett kva side du står på er dette eit tema for framtida, så eg ser berre positivt på at folk vil bruke dagen til å støtte opp om dette her, seier Standnes.

Han er viss på at det nyttar å kjempe for skulen.

– Viss det ikkje hadde vore noko engasjement rundt dette, så hadde det ikkje skjedd noko. Ein kan ikkje sitje i ro og håpe at ting ordnar seg. Ein må stå opp dersom ein vil noko, meiner Standnes.

Han ønskjer å takke kvar einskild som tok turen til Dale i dag.

– Her tel kvar einaste person, seier Standnes.

Ordføraren måtte få rapport i Oslo

Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap) måtte nøye seg med rapport per telefon frå opptoget i Dale, og har nesten ikkje ord for å beskrive det store oppmøtet.

– Eg trur ein må langt tilbake til dei gylne tidene på 60- og 70-talet for å hugse slikt oppmøte på 1. mai i Dale. Det varmar, seier Helle, som i år måtte nøye seg med 1. mai-markering på Youngstorget i tigerstaden.

– Eg hadde allereie booka inn Bruce Springsteen-konsert lenge før dette arrangementet kom, så det vart ein kollisjon, kan du seie. Men eg skulle gjerne vore heime i Dale. Dette var stort, seier Helle.