Hopp til innhold

Kom frå Nashville til Lærdal for å høyre country

Sjeldan har nok fylkets eldste countryband spelt for ein meir langreist tilhøyrar. Per Jerving reiste dei kring 6500 kilometerane frå countryens mekka for å høyre Longhorn i Lærdal.

Per Jerving saman med Longhorn.

HELSTE PÅ: – Det var moro å sjå den gamle skuleavisa frå 7. klasse i 1985, der Longhorn faktisk var omtala. Kristen Olav Grøttebø stadfesta at dei starta opp berre nokre år før, ler Per Jerving (nummer fire frå venstre).

Foto: Jan Christian Jerving

Den utflytte lærdølen har budd i Nashville sidan 1991. Då gamleklassen skulle feire 30 år sidan dei gjekk ut frå skulen i 1985, fekk Per Jerving også høve til å oppleve sin første Lærdalsmarknad på 24 år.

Og sjølvsagt var det «heimebandet» Longhorn som heldt marknadsdansen.

– Eg skal ikkje skryte på meg å vere den største countryentusiasten, men det var kjempestemning med Longhorn. Etter 24 år i Nashville, så har eg god kjennskap til countrymusikk. Ein kjem ikkje frå det der, humrar Jerving dagen derpå.

– Veldig, veldig koseleg

Nashville er hovudstaden i delstaten Tennessee, og vert rekna som countrymusikkens heim. Men det er også hit ei rekkje artistar reiser for å prøve lukka med nokre av verdas beste studio og musikkprodusentar.

Marknadsdansen under Lærdalsmarknaden

GOD STEMNING: Longhorn samla kring 400 publikumarar til dans under marknadsdansen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Longhorn har nok aldri prøvd seg der, men er kjende i heimfylket. I Lærdal prisa nær 400 den lyse sommarnatta, med lærdalsgruppa sine tonar i bakgrunnen.

– Lærdalsmarknaden har eg ikkje vore på sidan 1990. Det vart jubileumsmarkering fram til 22 og deretter fire veldig, veldig koselege timar med sambygdingar. Med vêret vart det full klaff, seier han.

Skal vise brøytekantane

Som dei fleste her i fylket kjenner til, har vêret vore rimeleg grått og vått denne sommaren. Per derimot kom frå nær 35 varmegrader.

Solheim rappellerer ned rådhuset

AKTIVITETAR: Lærdalsmarknaden byr på mange ulike aktivitetar. Her rappellerer ordførar Jan Geir Solheim (Sp) ned rådhuset.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Dei enorme snømengdene han har høyrt om, fekk han sjølv sjå med augesyn på Aurlandsfjellet.

– Brøytekantane var åtte-ti meter høge. Dei bileta skal heim til Nashville, forsikrar lærdølen som etter nokre dagar på hytta til bror sin på Filefjell tek turen over «dammen» att på tysdag.

Sogndal-patriot

Jerving er ein av tre pilotar som har sitt virke med å flyge rundt på leiinga til ei av dei største butikkjedene i USA. Kjeda har over 12 000 enkeltbutikkar i 40 statar. Jobben har han hatt i ti år.

Det er to år sidan sist han var i Lærdal. Då vart hans no ti år gamle son hekta på Sogndal Fotball etter ein kamp på Fosshaugane.

For som han seier, ein gong lærdøl – alltid lærdøl. Og er ein lærdøl, så er ein også sogning:

– Då fekk både han og dottera kvar si Sogndal-drakt. Sonen min går framleis med trøya, så eg har meir enn ein gong måtte forklare amerikanarane kva «Stao no pao» betyr, humrar han.