NRK Meny
Normal

Reisemål Stryn & Nordfjord i akutt pengenaud - ber eigarkommunane om ekstratilskot

Reisemål Stryn & Nordfjord er i akutt pengeknipe. No har selskapet søkt dei seks eigarkommunane om 1,44 millionar kroner for at selskapet skal fungere tilfredsstillande.

Hjelle Hotell i Oppstryn

MARKNADSFØRER DETTE: Hjelle Hotel i Oppstryn og utsynet mot Breifonna er mellom attraksjonane Reisemål Stryn & Nordfjord prøver å lokke turistar til.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Styreleiar Åge Starheim i Reisemål Stryn og Nordfjord seier situasjonen er alvorleg.

– Det er rimeleg akutt. Det går fram av brevet som er sendt til eigarkommunane at det er heilt nødvendig å få tilført meir kapital til selskapet om det skal overleve.

Reisemål Stryn & Nordfjord har søkt om til saman 1.440.000 kroner frå dei seks kommunane som eig selskapet, og søknaden fordeler seg slik:

  • Stryn kommune 648.000
  • Eid kommune 187.200
  • Gloppen kommune 187.200
  • Hornindal kommune 100.800
  • Selje kommune 158.400
  • Vågsøy kommune 158.400
Åge Starheim

- AKUTT SITUASJON: Åge Starheim er styreleiar i Reisemål Stryn & Nordfjord.

Foto: NRK

Fylkeskommunen kutta tilskotet

– Er det kroken på døra om de ikkje får desse pengane, Starheim?

– Vi er iallfall nøydde til å få tilført meir kapital. Vi har søkt om denne summen fordi vi må dekke eit budsjettert underskot som vi får i 2014 om vi ikkje får meir kapital.

Ein av grunnane til den vanskelege økonomiske stoda for reisemålselskapet er at Sogn og Fjordane fylkeskommune har kutta sitt tilskot med 25 prosent. Starheim seier dette var eit hardt slag.

– Det er særdeles beklageleg at det skjer, for det gjer at dei andre eigarane er nøydde til å bidra med meir. Vi har auka medlemskontingenten til næringsverksemdene og ber no eigarkommunane om større tilskot derifrå.

Eid kommunestyre har søknaden på sitt bord torsdag. Rådmann Ørjan Raknes Forthun har rådd til at kommunen ikkje gir tilskot.

– Utruleg viktig jobb

Det er Stryn kommune som er den største eigaren med 45 prosent av aksjane, og det er difor den kommunen som blir beden om å bidra mest. Ordførar Sven Flo seier at dei ikkje har handsama søknaden om 648.000 kroner enno.

– Det er ikkje enkelt sånn utan vidare å hoste opp ein slik sum. Men dette destinasjonsselskapet gjer ein utruleg viktig jobb for nordfjordkommunane, og i så måte trur eg vi skal finne løysingar som gjer at dei kjem over kneika.

Sven Flo

- GJER VIKTIG JOBB: Ordførar Sven Flo meiner dei må strekkje seg langt for å hjelpe Reisemål Stryn & Nordfjord.

Foto: Bård Siem / NRK

– Akutt

Styreleiar Åge Starheim i Reisemål Stryn & Nordfjord seier at dei er heilt avhengige av at eigarkommunane gir dei pengane som trengst.

– Vi er heilt avhengige av at vi får pengane, det er såpass akutt at dersom vi ikkje får tilført noko kapital så er selskapet i ein særdeles vanskeleg likvid situasjon.

– Kva konsekvensar vil det få dersom Reisemål Stryn & Nordfjord blir lagt ned?

– No hadde vi eit møte med Nordfjordrådet, og eg føler at det var ei postiv haldning hos ordførarane og rådmennene. Eg vil ikkje spekulere i noko, eg håpar vi får tilført kapital slik at vi kan halde fram drifta. Reiselivet er ei særdeles viktig næring for Nordfjord.

Samanslåing aktuelt

Ordførar Sven Flo i Stryn seier at destinasjonsselskapet er inne i ein fase der dei diskuterer samanslåing, mellom anna er det aktuelt å slå seg saman med selskap i Møre og Romsdal.

– Det er difor viktig for oss å hjelpe dei i denne litt kritiske fasen slik at dei kjem seg gjennom denne prosessen og kan konkludere med ein god og framtidsretta organisasjon litt lengre fram i tida.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.