Hopp til innhold

I dette magasinet finst det knapt noko om reisemåla i turistfylket Sogn og Fjordane

Turistfylket Sogn og Fjordane er nesten heilt fråverande i eit stort norsk reisebilag.

VisitNorway sitt nye reisebilag

FRÅVERANDE: Turistfylket Sogn og Fjordane er det lite å lese om i dette reiselivsmagasinet frå Visit Norway.

Turistmagnetar som Sognefjorden, Jostedalsbreen og stavkyrkjer er ikkje å sjå i den nye utgåva av Visit Norway sitt reisebilag.

I det 60 sider store reisemagasinet blir du lokka med alle moglege slags opplevingar av både det naturskjønne og kulturelle slaget.

Men fjordfylket Sogn og Fjordane er knapt representert.

Per Arne Tuftin, reiselivsdirektør i Innovasjon Norge som gir ut Visit Norway sine magasin, trur det har med prioritering av ressursane å gjere.

– Dette er eit kommersielt produkt der dei som er med betalar for å vere synlege i magasinet. Svaret er nok så enkelt at reiselivet i Sogn og Fjordane denne gongen har valt å bruke pengane sine på andre område, seier han.

Brukar pengane andre stader

Og nettopp ei slik prioritering har blitt gjort, det stadfestar dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

– Vi har teke eit anna val i år. Norge er ein viktig marknad for Sogn og Fjordane, og i år skal vi jobbe saman med Fjord Norge på ein litt større noregskampanje for første gong, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Ståle Brandshaug

SATSAR ANDRE STADER: Ståle Brandshaug er dagleg leiar i Visit Sognefjord.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Får merksemd over heile Norge

Visit Norway sitt reisebilag har eit opplag på i underkant av 600.000, og når ut til svært mange.

Per Arne Tuftin

SYND: Per Arne Tuftin i Innovasjon Norge meiner det er synd at Sogn og Fjordane ikkje er representert i reiselivsbilaget.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Regionane Molde og Romsdal, Kristiansund og Nordmøre, Geirangerfjorden, Ålesund og Sunnmøre, Bergen og Hordaland, Hardanger og Sunnhordaland er blant områda på Vestlandskysten som er representerte.

Men det er altså ikkje noko informasjon om reisemål i verken Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord. Det einaste frå fylket er eit par generelle bilete som viser fjordlandskapet.

– Vi synest det er veldig synd, seier Tuftin i Innovasjon Norge.

– Men samtidig har vi forståing for at det er knappe ressursar hos dei fleste, og at det må prioriterast. Men dette er eit magasin som blir lest av mange og som får mykje merksemd over heile Norge, seier han.

Fryktar ikkje at kundane uteblir

Trass høge opplagstal og brei distribusjon over heile Norge, Brandshaug er ikkje redd dei norske kundane skal utebli.

– Vi har hatt resultat frå Visit Norway sine kampanjar tidlegare, men samtidig konkurrerer vi der med heile Norge. Saman med Fjord Norge kan vi gå mykje spissare ut med dei produkta vi har i Sogn og Fjordane og Sogn, seier han.

Også Reisemål Stryn og Nordfjord har i år valt å bruke pengane andre plassar enn på magasinet til Visit Norway, seier marknadssjef Beate Vik Hauge.

– Vi satsar meir på det digitale. Internett er kanal nummer ein, då 60 prosent av dei som skal ut på reise brukar nettet, seier ho.