Hopp til innhold

Reiselivskolossen havnar i Sogndal

Visit Sognefjord vart formelt skipa på eit møte i Sogndal torsdag kveld. Og hovudkontoret skal liggja i Sogndal.

Noralv Distad skriv seg på aksjekjøpet i Visit Sognefjord

SKREIV UNDER: Han ville helst hatt hovudkontoret hjå seg, men aurlandsordføraren skreiv likevel under på skipinga av Visit Sognefjord.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Dette blir eitt av dei største reisemålsselskapa i landet i eit område som alt er veldig stort på reiseliv, seier Aurlands-ordførar Noralv Distad, som måtte reise litt småskuffa frå skipingsmøtet.

-Aurland er størst

For som ordførar i den klart største reiselivskommunen i området meinte han at hovudkontoret måtte liggja i Aurland, og ikkje i Sogndal. Det var duka for ein god gamaldags lokaliseringsdebatt, ein debatt som opptok dei 130 stemmeføre på møtet i om lag tre kvarter. Då stemmene vart talt opp vart valet Sogndal, med overveldande fleirtal.

Blir med likevel

- Aurland kommunestyre har sagt at me skal teikna aksjar og gå inn i det nye selskapet, så det har me gjort. Me var også tydelege på at Aurland var den naturlege staden å plassere selskapet. Men fleirtalet av aksjonærane har eit anna syn, og det må me berre ta til vitande.

- Kva taper ein på at det blir Sogndal og ikkje Aurland?

- Ingen skal tape på det. Aurland kommune vil alltid engasjere seg for å utvikla reiselivsnæringa i Aurland og det skal me framleis gjera. Dette selskapet blir ein stor og viktig aktør, men Aurland kommune skal vera ein god vertskommune for bedriftene våre, seier Distad.

Skal bli motor

Visit Sognefjord dekkar kommunane Høyanger, Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal og er 70 prosent eigd av reiselivsbedriftene og 30 prosent av kommunane. Selskapet skal ha seks tilsette ved hovudkontoret i Sogndal, og er tenkt å bli motoren i eit meir samordna og profesjonelt reiseliv langs Sognefjorden.

- Må auke lønsemda

Styret har alt laga ei innstilling på kven den nye reiselivssjefen blir, men innstillinga er ikkje kjend.
- Vi må få fart i trafikken og auke lønsemda i bedriftene. Fordelen er at ein samlar ressursar og konsentrerer innsatsen. Det er ei stor oppgåve og no er det opp til selskapet å gjera jobben, seier Distad.