Hopp til innhold

Regjeringa gir Firda kaserne pusterom

Regjeringa vil vente i to år med å selje forsvarseigedomane i fylket. – Det er bra ein har kome til fornuft og ikkje gjer eit sal hals over hovudet no, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Firda kaserne

ARKIVFOTO: Firda kaserne er ein gamal ekserserplass som har vore med sidan opprettinga av hæren i 1628.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det har vekt sterke protestar at Forsvaret vil kvitte seg med Firda kaserne i Eid og skytefelta i Remmedalen i Eid og Vasslia i Førde.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier regjeringa no vil vente med salet.

Bjørn Lødemel

NØGD: – Eg er veldig glad for at ein no får betre tid på seg til å vurdere andre løysingar, seier Bjørn Lødemel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det skjer ikkje noko før i 2017. Det betyr at vi har bra tid på oss til å vurdere andre løysingar og om andre kan vere interesserte i å kjøpe Firda for å leige ut til Forsvaret, politiet eller andre ting, seier Lødemel.

Viktig med aktivitet

Firda kaserne på Nordfjordeid er det siste som er att av samlingspunkt for Forsvaret i Sogn og Fjordane. Her øver både HV11 og politiet.

Alfred Bjørlo

PUSTEROM: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er nøgd med at ein no får tid til å finne andre, lokale løysingar, på eigarskapen ved Firda kaserne.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjølv om regjeringa har velsigna salet, er Lødemel nøgd med at det blir utsett så ein kan sjå.

– Firda kaserne er det siste anlegget her, så det er viktig at vi framleis kan ha forsvarsaktivitet her, seier han.

Lokale løysingar

Leiar samarbeidsforumet, og ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H) er mellom dei som har teke til ordet for at politiet og HV-soldatane treng område til øving og beredskap om større ting skulle skje.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner det beste hadde vore om Forsvaret framleis ville eige øvingsområdet i kommunen.

– Midt i den krevjande tryggleikspolitiske situasjonen vi er i, så er det bra at ein ikkje sel hals over hovudet. At vi får to nye år trur eg gjer det mogleg å vurdere saka på nytt, men også mogleg å sjå etter lokale løysingar som sikrar at bygget kan nyttast til forsvars- og beredskapsføremål, seier han.