Hopp til innhold

Redusert kapasitet på E39

På ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 er det redusert kapasitet på rute C, melder Norled. Årsaka er at det er sett inn reserveferje. Vanlegvis er det MF «Stavanger» som køyrer C-ruta med ein kapasitet på 120 bilar og 350 passasjerar. C-ruta går 20 minutt over kvar heile time frå Oppedal og 10 på kvar heile time frå Lavik.

Lavik med ferja Stavanger ved kai
Foto: Alf Vidar Snæland