Hopp til innhold

Redusert framkomst etter E39-uhell

To bilar har vore involverte i eit trafikkuhell på E39 i Halbrendslia i Førde. Den eine bilen har komme over i motsett køyrebane i ein sving. Dei fire personane som var i bilane vert tekne med til lege for sjekk. Ifølgje Vegtrafikksentralen er det redusert framkomst på staden fram til bilbergar har fått rydda opp.