Hopp til innhold

Redningsfolk har berga ut skada turgåar

Eit redningshelikopter klarte klokka 19.20 fredag kveld å hente ut ein skada mann frå eit fjellområde i Underdal i Aurland.

Redningshelikopter Undredal

KOM TIL UNNSETNING: Mannskap frå redningshelikopteret blei fira ned til den skada mannen.

Foto: Arne Veum / NRK

– Vi har no fått melding om at mannen no er heist opp i helikopteret og dei har sett kursen for sjukehus, får NRK opplyst frå Hovudredningssentralen.

Ifølgje NRK sin reporter på staden, blei mannen heist opp og frakta vekk utan vanskar. Redningsmann og lege blei frakta inn til den skada turgåaren.

Sende ned lege

– Det var både lege og redningsmann nede med mannen, og Sea Kingen er i Sogndal for å fylle drivstoff. Når helikopteret kjem tilbake skal vi forsøke å heise opp mannen, sa redningsleiar Johann Mannsåker til NRK ved 19-tida.

No er oppdraget utført, og mannen er berga frå turområdet ved stien til fjellgarden Nedbergo.

Skada i ryggen

– Ein luftambulanse prøvde først, men det gjekk ikkje. No er vi på veg med Sea-Kingen, sa Mannsåker, rundt klokka 18.

Mannen skulle på det tidspunktet allereie ha lege skada i fjellet i eit par timar.

– Det er ønskeleg å få han ut så raskt som mogleg. Tilstanden har blitt litt forverra den siste stunda. Vi veit at han er skada i ryggen, men ikkje meir enn det, sa Mannsåker.

Var på tur med fleire

Mannskap frå Røde Kors var også sett i beredskap for å hente ut mannen, dersom mannskapa frå redningshelikopteret ikkje hadde lukkast med oppdraget.

Ifølgje Bergens Tidende, var mannen ein del av eit turfølgje i regi av den pågåande Geitostfestivalen i Underdal.

Nedbergo