Hopp til innhold

Redde for fleire ulukker etter forslag om at 6-åringar kan få sykle til skulen

Både foreldra og rektoren ved Slåtten skule og Trygg Trafikk, er mot forslaget frå regjeringa om å tillate at elevar heilt ned til 1.-klasse kan få sykle til og frå skulen. Dei trur det er farleg å sleppe 6-åringar på sykkel ut i trafikken.

Karstein Vindenes og sonen Trym Hugøy

FOR TIDLEG: Det er for tidleg å sleppe ungane ut i trafikken frå førsteklasse. Her er Karstein Vindenes saman med sonen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Kunnskapsdepartementet meiner det er opp til foreldra å bestemme kor tid ungane kan sendast på to hjul til og frå skulen, og har no bede Utdanningsdirektoratet om å endre regelverket.

I dag har mange skular ei aldersgrense på 4. eller 5. klasse. Ved Slåtten skule i Førde, der elevane får lov til å sykle frå 5. klasse, ville rektor Turid Hatlem slett ikkje like det om førsteklassingane ved skulen sykla aleine til skulen.

– Eg trur ikkje det hadde vore å anbefale. Vi har ein trong parkeringsplass med stor trafikk ved henting og bringing. Så det trur eg hadde vore farleg, seier Hatlem.

Vanskeleg for små born å vurdere

Sjølv om skulen kan bli fråteken makta til å avgjere kva tid elevane får lov til å sykle, trur ikkje rektoren at trafikken vil verte full av 6-åringar aleine på sykkel.

– Eg har stor tru på at Slåtten-foreldre er fornuftige slik at dei klarar å vurdere dette, og ser at det kan vere farleg å opne opp for dei som er yngre. Syklar foreldra saman med ungane, vil foreldra ha kontrollen. Det blir noko heilt anna.

– Så er det kanskje nokre som seier at ungane har gått av å bevege seg?

– Det er eg heilt einig i. Men ein sykkel kan kome opp i stor fart, og det kan vere vanskeleg for ein liten unge å vurdere kva som skjer rundt seg. Så eg trur det er mykje betre at dei går til skulen, seier Hatlem.

(Artikklen held fram under biletet)

Syklar Slåtten skule

KAN BLI ENDÅ FULLARE: For snart kan kanskje elevar frå første til fjerde klasse også parkere syklane her.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

«Kvifor får ikkje eg lov når han får lov?»

Når NRK pratar med foreldre på skulen, er dei heilt klare på at 1. klasse er for tidleg. Det tykkjer både Karstein Vindenes og Bjarte Lillehauge.

– Eg tykkjer det er for tidleg. Det skjer mykje rundt vegane og dei har ikkje auga heilt med seg åleine, seier Lillehauge.

Dottera hans, som går i første klasse, får sykle i lag med han til skulen. Han trur resultatet av nye reglar vil vere at enkelte små ungar vil sleppe ut i trafikken aleine med sykkel for tidleg.

– Det er heilt sikkert nokon som sender ungane av garde. Og då kjem nok diskusjonen med ungane som ikkje får lov: "kvifor får ikkje vi lov"? Vi får berre halde på vårt. Eg tykkjer det er for tidleg, seier Lillehauge.

Fryktar fleire ulukker

Foreldra, ikkje skulane, skal altså no avgjere om elevane skal kunne sykle til skulen eller ikkje. Dette er det mange som reagerer på. Trygg Trafikk, som anbefaler 5. klasse som aldersgrense, gjer også det.

Fylkessekretær i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, trur dei aller fleste foreldre vil vere fornuftige og vente lenge nok, men er samd med forelder Lillehauge.

– Det som kan vere uheldige er presset enkelte kan få når nokre får lov til å sykle. Då kan det utarte seg, slik at mange syklar for tidleg. Ein førsteklassing er sjølvsagt ikkje eigna til å sykle sjølvstendig til skulen, seier Heggestad.

Mange gang- og sykkelvegar og fortau har vorte betre, fortel Heggestad. Han vedgår at det i nokre få tilfelle vil kunne vurderast som trygt å sleppe elevar under 5. klassenivået i trafikken, men står like fullt fast på at 5. klasse, eller sykling saman med foreldre, er deira anbefaling.

Elles oppfordrar han foreldre til å trene mykje med borna i trygge omgivnader før dei skal ut i trafikken.

– Når dei er unge klarar dei ikkje å vurdere kor fort ein bil kjem, kor langt vekke bilen er, og om dei skal vente eller ikkje. Dei blir og lettare distrahert. Ikkje slepp dei ut for tidleg, for då kan vi få fleire sykkelulukker, seier Heggestad.