Hopp til innhold

Redda to turistar som velta med kajakk

Då Anna Elise Borlaug såg at to personar kjempa for livet i Aurlandsfjorden torsdag ettermiddag, kasta ho seg i båten og fekk dei to utmatta og kalde turistane i sikkerheit.

Dei som redda og dei som velta

ENDA GODT: Dei to som vart redda står til venstre. Vidare er det Gunhild Strand Borlaug, Anna Elise Borlaug, Bernat Alarcon og heilt til høgre står ei av dei andre som padla i ein annan kajakk.

Foto: Bernat Alarcon

– Eg og mamma var på kaffibesøk hjå bestemor, og der har me veldig god utsikt over fjorden. Då såg me at det låg ein velta kajakk i fjorden, og to folk i vatnet. Då sprang me ned mot brygga, seier Anna Elise Borlaug (31), frå Undredal i Sogn og Fjordane.

Borlaug trur det var litt før klokka 17.30 dei såg det. Anna Elise, mora og ein norsk turist som tilfeldigvis var på brygga, heiv seg i båten og kom seg ut til dei to turistane.

– Eg køyrde båten, og mamma og han andre plukka dei opp. Dei var veldig kalde og utmatta, fortel Borlaug.

– Var utmatta

Det skal ha vore ei mor og ei dotter som var i kajakken då den velta. Begge hadde flytevestar på seg.

– Det var vind på fjorden, så det var litt bølgjer. Dottera klarte å svømma mot båten då me kom køyrande, men mora var heilt utsliten. Ho måtte me køyra heilt bort til før me heisa ho om bord. Dei var ganske medtekne, men det verka ikkje som det var noko alvorleg gale med dei, anna enn at dei var kalde, seier Borlaug.

Dei fekk dei to kajakkpadlarane på land, der fleire undredøler stod klare til å hjelpa.

– Naboen vår, Bernat Alarcon, kom ut i båt like etter oss. Han fekk henta kajakken deira, som hadde drive ganske langt innover fjorden.

– Kva tenkte du når du såg kva som var i ferd med å skje?

– Ein blir veldig fokusert når slikt skjer. Eg tenkte eigentleg ikkje så mykje, berre at me måtte redda dei, seier ho.

Ros frå brannvesenet

Då redningsmannskapa var kome på plass, var allereie turistane komne på land. Innsatsen til dei som trødde til blir rosa av brannvesenet.

– All skryt til dei som var med på å berga dei på land. Det er framifrå innsats at dei handlar slik når dei ser at det er noko som ser ut til å gå gale, seier Tor Mikkel Tokvam, varabrannsjef i Aurland.

Han fortel at dei to turistane hadde vore i sjøen i om lag ein halvtime.

– Me gjorde eit søk etter verdigjenstandar i sjøen, og var med dei til ambulansen kom, seier Tokvam.

Undredal