Hopp til innhold

– Bokmål passar seg ikkje her

Det er på sin plass at informasjon på snøggbåtane som går i nynorsk farvatn er på nettopp nynorsk. Det meiner forfattar og tidlegare fylkesarkivar, Hermund Kleppa.

Norled montasje

BOKMÅL I NYNORSKLAND: Hermund Kleppa frå Leikanger reagerte sterkt på dette synet då han for første gong reiste med ein av snøggbåtane til Norled. Informasjon på bokmål passar ikkje i Sogn og Fjordane, meiner Kleppa.

Foto: Privat/Montasje

Det vart ein skuffande førstetur med snøggbåtselskapet Norled for Hermund Kleppa frå Leikanger.

– Eg la eg merke til at informasjonen både på skjerm og på papir var på bokmål, medan Fylkesbaatane alltid hadde nynorsk som mål både på skjermar og på trykk i alle samanhengar, seier Kleppa.

Kjempar for nynorsk

Og det var ikkje berre om bord i båten at bokmål dominerte. Norled har også teke med seg administrasjonsmålet til ruteplakatar på land.

– Eg tenkte at dette her er noko som ikkje passar i Sogn og Fjordane. Det har jo blitt sagt at det er rutetidene som er det viktigaste, og det er greitt det, men ein skal likevel passe på at alt kjem på nynorsk.

Kleppa reagerte sånn på det han såg at han valde å ta bilete og sende inn saman med eit brev til Fylkeskommunen.

– Eg hadde nettopp fått ein nynorskrapport, skriven av Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursenter, om Sogn og Fjordane som nynorskfjellet. Eg sat og las i den då eg la merke til målforma på informasjonen, og det var det som gjorde at eg reagerte så spesielt på dette, seier han.

– Ein viktig bagatell

Hermund Kleppa

REAGERER: Hermund Kleppa vil ha nynorsk i nynorsk farvatn.

Foto: Privat

Den tidlegare arkivaren er fullt klar over at nokre kanskje vil kalle dette ein bagatell, men han meiner at også bagatellar er viktige å ta føre seg.

– Alle desse bagatellane utgjer til saman ganske mykje. Det er utan tvil ein slik liten sprekk, som kanskje er så liten og usynleg at ein ikkje legg merke til det, som saman med alle andre slike bagatellar er med på utøve press på nynorsken i Sogn og Fjordane, seier Kleppa.

– Ein treng ikkje å bli så sær at ein lagar eit svært vesen ut av alle desse bagatellane, men det er viktig å ta dei føre seg likevel. I nynorskrapporten skriv Ottar Grepstad om desse sprekkane i nynorskfjellet, og eg oppfattar det slik at akkurat denne detaljen som eg la merke til, det er ein slik liten sprekk.

Kleppa meiner Fylkeskommunen som konsesjonstildelar bør ta ansvar. Og han er heilt sikker på at dei set pris på at nokon gir beskjed om slike høve.

– Det er jo deira plikt å ta vare på nynorsken, så no får vi sjå kva som skjer, seier han.

Ingen endring planlagd

Regionsjef for snøggbåtane i Norled, Bjørn Egil Søndenå seier at han forstår at det er ønskjeleg med nynorsk på snøggbåtane i Sogn og Fjordane. Likevel har Norled per i dag ikkje har tenkt å endre målforma.

– Vi har veldig mange kontraktar her i landet, og det er vanskeleg for oss å få rette målet på alle kontraktane. Det er jo ein jobb som vi sjølvsagt kan gjere, men det blir ei utfordring å følgje opp alt hundre prosent når vi har så stor følgjeskare, seier Søndenå.

– Vi har vald å køyre det løpet vi har no for å få ein lik heilskap.

Ifølgje Søndenå har dei gjennom konsesjonsavtalen med Sogn og Fjordane Fylkeskommune berre krav om å skrive norsk, ikkje nynorsk.

Forstår reaksjonen

Fylkeskommunen kan godt forstå at Kleppa reagerer. Det seier kollektivrådgjevar Øystein Hunvik.

– Sjølvsagt forstår vi reaksjonen. Vi har jo nynorsk som språk, og det er jo det vi skal ha. Men det er jo ein del båtar her som går i trafikk både for oss og andre stader. Då er det eit spørsmål om kva som er rett. Skal dei skifte til bokmål når ein båt går i oppdrag i eit bokmålsområde? Det er ein del slike praktiske tilnærmingar, så det er ikkje berre svart-kvitt, seier Hunvik.

Fylkeskommunen skal denne veka ha eit driftsmøte med Norled, der nynorsk på båtane blir eit tema.

– Det kjem nok til å bli gjort ein del tilpassingar for å imøtekomme reaksjonane.

Ifølgje Hunvik var det ikkje ein del av diskusjonen om nynorsk skulle vere eit krav i konsesjonsavtalen då den vart utforma. Til ein eventuell neste gong vil dei vurdere å ha med eit slikt krav.

– Vi lærer heile tida, og det er viktig, seier Hunvik.