Hopp til innhold

Fylkesveg 50 i Aurland er opna att

Fylkesveg 50 ved Vassbygdvatnet er no opna att etter å ha vore stengd på grunn av eit steinras.

Vassbygdvatnet

– Vi har førebels få opplysningar, men det er såpass med steinar i vegbana at det ikkje er råd å komme forbi, sa vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Jan Erikstad i dag tidleg.

Fleire av steinane var så store at det trengdest maskiner for å få rydda vegen.

– Raset har gått på ein stad der det ikkje er heilt uvanleg med ras, heilt i enden av Vassbygdvatnet, seier Erikstad.