Utan Einar Nymark sin innsats kunne det gått veldig gale. Det seier operasjonsleiar Kjell Tore Årnes ved Hordaland Politidistrikt.
Såg tom båt
Det var torsdag ettermiddag at Einar Nymark og sambuaren var ute og fiska i området utanfor Byrknesøy. Etter å ha flytta seg lenger vestover oppdaga dei brått ein tom seglbåt som låg med motoren i gang, men utan folk ombord. Nymark varsla straks politiet, som sette i gong redningsaksjon saman med redningsskøyte og luftambulanse. Og etter ein time vart føraren av båten funnen medviten men kraftig nedkjølt.
Flaks at dei gjekk så langt vest
Nymark seier at det berre var flaks at dei reiste den vegen. Han skulle ut å sette krabbeteiner, men var ikkje tenkt å gå så langt vest, sidan det var litt vind. Men dei såg ein seglbåt som såg ut til å ligge å dunke mot land. Då dei gjekk nærare viste det seg at båten var tom. Nymark trur det kunne gått riktig gale om dei ikkje hadde kome til så raskt. Mest sannsynleg hadde ikkje båten vorte oppdaga før det hadde vore for seint, sidan mannen vart funnen sterkt nedkjølt.
Kunne fått anna utfall
Også operasjonsleiar Årnes understrekar at mannen har vore heldig som vart funnen. Men han rosar Nymark for si handlekraft. hadde ikkje han vore så snarrådig og gitt kjapp beskjed, så kunne dette fått eit heilt anna utfall, seier Årnes.