Hopp til innhold

Snøen knuste garden og gjorde Einar farlaus

VIKSDALEN (NRK): Ei januarnatt i 1957 fekk Einar Eldal frå Viksdalen oppleve kor kort veg det er mellom liv og død. Eit stort snøskred knuste husa på garden til pinneved. Einar overlevde på mirakuløst vis. Faren Magnus fann dei aldri att.

Einar Eldal
Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Far min pleidde alltid å seie at «eg er glad husa våre står trygt», seier 79 år gamle Einar Eldal. Det gjorde dei ikkje den mørke og våte januarnatta i 1957.

Frå heimgarden Eldalstunet, kan han sjå oppover den bratte fjellsida, der skredet kom og knuste barndomsheimen. Raset var ein 10–15 meter breitt då det losna, men 230 meter då det dundra inn over husa på garden.

Sigla på madrassen rett i elva

Einar og faren var åleine heime natta til den 9. januar. Systera var reist til Oslo på morgonen og ei tenestejente hadde fri. Etter dagar med frost, regna det i strie straumar.

– Eg vakna av at snøen kom inn glaset på soverommet i halv to tida. Eg flaut på ei masse, reiste utfor ein fjellhammar og låg tørt på madrassen til vatnet kom opp over føtene. Så for eg under vatn, utfor eit par fossar før eg hamna ned i rolegare vatn.

På mirakuløst vis klarte han å symje i land og opp til naboen. Våt og kald etter møte med den iskalde Gaula.

Einar Eldal

SKREDET TOK HUSA: Einar Eldal minnest marerittnatta i januar 1957.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Far vart borte i raset og kom aldri att

Far til Einar, Magnus Eldal, låg i eit naborom og sov. Han fann dei aldri att.

– Han berre forsvann, for det kom ned fleire hundre kubikk med jord. Stova der vi låg vart knust til pinneved. Berre stallen og deler av løa stod att. Vi leita i lange tider etterpå, både naboar og heimevernet var med, fortel Einar. Ei tåre renn nedover kjaken.

På Einar sin 22 års dag, 22 juli 1957, stod grunnmuren til nyehuset ferdig. Og med god hjelp av grannane kunne dei flytte inn til jul i 1957. Einar fyller 80 år til sommaren, men sterke minner har spikra seg fast.

– Eg likar ikkje når det er dårleg ver og når eg høyrer at det rasar andre stadar. Då kjem januarnatta i 1957 tilbake. Men det har gått bra, avsluttar Einar Eldal.