Hopp til innhold

Riksveg 5 opna att etter steinraset i natt

FØRDE (NRK): Riksveg 5 er no opna att etter steinraset ved Bjørnsnestunnelen mellom Førde og Naustdal natt til julaftan.

Ras mellom Førde og Naustdal

RYDDA VEGEN: Fleire store steinar, tre og buskas rasa ned i vegbana rett utanfor Bjørnsnestunnelen natt til julaftan.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vegmeldingssentralen til Statens vegvesen fekk melding om raset klokka 01.03 i natt, og entreprenør var raskt på plass.

– Vi veit at det har kome ned eit tre som sperrar ein del av vegbana, og så er det kome ned ein del småstein og ein del litt større steinar, sa trafikkoperatør Ronny Sleire til NRK i dag tidleg.

Lang omkøyringsveg

Raset skjedde rett vest for Førde, mellom Bjørnsnestunnelen og Erdal, rett ved den vestre tunnelmunninga.

–Det vi er mest redde for er jo rasfaren, og faren for at det kjem meir ned. Eventuelt at det kjem ned eit større ras. Det er mørkt, så det veit vi ikkje før det blir dagslys, sa trafikkoperatøren.

Må vente på dagslyset

Entreprenøren, E. Opedal og sønner, fekk raskt på plass folk i området ved Bjørnsnestunnelen, og dei har halde vakt ved rasstaden i heile natt.

– Vi må få rydda vegbana, og så set vi på trafikk med manuell dirigering, opplyser Steinar Håvik i Statens vegvesen til NRK sin reporter på staden.

ras Erdal