Ras sperra fylkesveg i Flora

Eit steinras sperra fylkesveg 614 ved Haukåtunnelen i Flora kommune. Vegen er no open att etter opprydding.

Steinras ved Haukåtunnelen

STEINRAS: Stein rasa ned i vegbana like før tunnelmunningen.

Foto: NRK.no-tipsar

Vakthavande Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal seier det er stein som har komme ned i vegbana mellom Grov og Isane.

Ein hjullastar blei sendt ut for å rydde vekk steinane og politiet har dirigert trafikken.

Klokka 10:24 melder Statens vegvesen at vegen er opna att. Ein geolog er no på veg for å vurdere om det er fare for at fleire steinar kan komme ned.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.