Ras på Høyanger sørside

Det har gått eit steinras mellom Ortnevik og Bjordal på Høyanger sørside. Det melder vegtrafikksentralen. Raset har gått på fylkesveg 92 kring ein kilometer frå Ortnevik. Det ligg nokre steinar i vegen, men det skal vere mogleg å passere for personbilar og vegvesenet er på veg ut for å rydde vegen.