Hopp til innhold

Ras drog med seg telefonlinje og steinar – vegen stengt til fredag

Eit 40 meter breitt ras stengjer vegen på sørsida av Jølstravatnet. Vegen blir tidlegast opna fredag.

Ras på sørsida av Jølstravatnet

RUSKEVÊR: Tre, steinar og telefonlinja dundra i vegbana på sørsida av Jølstravatnet, mellom Hammar og Strand. Raset har losna høgt oppe i lia.

Foto: Hallstein Dvergsdal

– Eg tenkte at det var bra det ikkje var trafikk akkurat då raset gjekk, for det hadde ikkje gått bra, seier Hallstein Dvergsdal.

Han bur i Dvergsdalsdalen i Jølster, ikkje langt frå der raset kom ned torsdag morgon. Store nedbørsmengder og eit realt vestlandsk ruskevêr siste tida har gjort at fleire vatn har vakse seg store, og småelevar har gått over sine breidder. Og på Fylkesveg 451 dundra stein, tre og jordmassar ned i vegbana.

– Det er ein god del folk som pendlar til Førde til dømes, særleg om morgonen, seier Dvergsdal.

Elva som har skapt problema er til vanleg lita, men har vakse seg større grunna dei store nedbørsmengdene.

– Sannsynlegvis har det demt seg opp i elva lenger oppe, så har det losna og sopt med seg tre og telefonlinja. No renn elva over vegen og truleg er den i ferd med å grave seg ned i vegbana, seier Dvergsdal.

Også fleire store steinar på over ein kubikk har kome ned i vegbana. Torsdag ettermiddag arbeidde entreprenørar på staden for å rydde opp, men ein kom ikkje i mål og vil halde fram fredag morgon.

Ras på sørsida av Jølstravatnt desember 2016-

RAS: To meter høgt og 40 meter breitt meiner Hallstein Dvergsdal at raset er.

Foto: Hallstein Dvergsdal