Hopp til innhold

Råkøyrarar herpa fotballbane - banemeistaren fortvila over dei store skadene

Endå ein gong har vandalar ramponert fotballbana til Haugen fotball. Grasmatta har djupe spor etter bilar som har sladda.

Øystein Haugland

TRØYSTESLAUST: Øystein Haugland er fortvila etter at nokon har øydelagd grasmatta på fotballbana til Haugen.

Foto: Stig Høynes

Øystein Haugland er det nærmaste klubben kjem ein banemester på Klenkarberget i Eid. Han kallar det rett og slett idiotfakter.

– Det er rett og slett trøysteslaust. Det er ikkje første gongen dette skjer. Vi får eit forferdeleg vanskeleg arbeid å få bana i orden igjen. Dette er tungt, seier han til NRK.no.

Mykje spinning og sladding

Det ligg ein parkeringsplass mellom grasbana og fylkesvegen. Han seier dei først har vore innpå der for oppvarmingsrundar. Så har dei fått opp farta og køyrt rett innpå grasbana.

– Det har vore mykje spinning og sladding som har sett solide spor. Spora er litt finurlege, eg veit ikkje heilt korleis dei har fått det til. Det er mange artige vesen som beveger seg rundt i om i trafikken, seier han.

– Så det ser nesten ut som ein potetåker?

– Ja, det er i grunnen klart til å setje både det eine og det andre. Graset er skikkeleg nedtrykt og kutta, nesten slik at det er svidd. Vi må nok skjere ut og leggje i nytt gras, seier han.

Vil koste mykje

Sist nokon forvilla seg inn på Klenkarberget var i august i fjor, ifølgje haugenfotball.no. Også den gongen blei det store skader. Haugland seier det er verre no. Banemeisteren er ikkje sikker på om dei får det 100 prosent i orden. Det vil uansett koste ein del.

– Skal vi leige folk, snakkar vi nok om 50.000 kroner.

Klubben har enno ikkje meldt saka til politiet, men det kan dei komme til å gjere.

– Vi veit ikkje kven som har gjort, men har prata med politiet om det. Kanskje meldar vi saka til dei, seier han til NRK.

Øydelagd grasmatte på Klenkarberget i Eid

KOSTAR MYKJE: Øystein Haugland trur det kan koste opp mot 50.000 kroner å få bana i orden att.

Foto: Stig Høynes