Hopp til innhold

Redaktøren gløymde tida - no kjem avisa éin dag forsinka

Redaktøren i avisa Bremanger Budstikke har hatt det travelt dei siste dagane. På Kystfestivalen i Kalvåg tok han så mange bilete at redigeringsarbeidet har gjort at avisa kjem éin dag forsinka.

Geir Nybø

FORSINKA: Redaktøren tok for mange bilete og gløymde tida, no blir avisa forsinka.

Foto: Privat

– Eg tok over 1000 bilete på festivalen, det har rett og slett tatt for lang tid å gå gjennom alle bileta, seier Nybø oppgitt på telefon til NRK.

Redaktøren som hadde planar om å lage fleire saker til avisa frå Kystfestivalen i Kalvåg, lét ikkje kameraet ligge i fred under festivalen. Det førte til at avisa som eigentleg skulle ha vore ute i dag, ikkje kjem før i morgon.

Vart reven med

Dei siste dagane har vore travle for redaktøren. På tre dagar har han brukt over 30 timar på å gå gjennom over 1000 bilete frå festivalen.

– Eg hadde ingen aning om at eg hadde tatt så mange bilete før eg byrja å laste dei inn på datamaskina. Eg vart tydelegvis reven med og gløymde tida, seier Nybø.

Og det fekk konsekvensar for avisa. Det vart rett og slett for mykje for redaktøren, som er den einaste tilsette i avisa.

– Med så mange bilete rakk eg ikkje å lage ferdig avisa i tide, 1000 bilete er jo mykje å halde styr på. Då måtte avisa rett og slett vente, seier redaktøren lattermildt.

Fekk ikkje plass til alt

Redaktøren fortel at han framleis ikkje har fått nokon reaksjonar frå folk som ikkje har fått avisa i postkassa, men no lovar han at det blir mykje å lese på dei neste dagane.

– Eg fekk ikkje plass til halvparten av det eg skulle ha i denne utgåva, så no blir det mykje å lese i den neste avisa. Den skal kome i tide, lovar Nybø.