– Eg har gledd meg til dette, men eg har ikkje alltid vore i god nok form til å fare. I dag var eg opplagt og klar til å reise, seier Aasen.
Ho set kursen mot flokken av andre eldre som er i ferd med å klatre inn på turbussane som står og blinkar i morgonsola.
Seniorkoret skal på tur til Yrineset i Oldedalen med den nye dirigenten sin, 25-åringen Kjetil Andreas Nydal. Aasen er spent.
– Han har hatt éi øving med oss før, så eg har allereie møtt han. Han verkar veldig koseleg og kjekk, fortel ho.
– Nesten betre å prate med unge enn med eldre
Bussen tar oss med gjennom eit landskap som badar i sollys, på vegar med god utsikt mot fjell, dalar og bygder. Rakel Aasen følgjer med gjennom vindauget, og fortel at ho berre synest det er kjekt at den nye dirigenten er såpass ung.
På Skei stoppar bussen for ein ung mann med rutete skjorte, skjegg og gitarkasse.
Det går eit sus gjennom reisefølgjet:
– Der er han.
Dirigenten Kjetil Andreas Nydal går på til applaus frå Seniorkoret.
Brenn for musikkterapi
Koret følgjer Panoramavegen og stoppar ved Sagedammen for omvising, kaffi, sveler og litt synging. Nydal, som nettopp er ferdig med ei masteravhandling i musikkterapi frå Griegakademiet, står i den skarpe sola og dirigerer koret med energiske rørsler.
– Nokre av dei har kanskje ikkje så veldig mykje å styre med elles i veka, og då er det veldig viktig å ha noko å gå til som dei trivast med, seier han.
Han ser heller ikkje noko problem med aldersforskjellen på han sjølv og gjengen han skal leie.
– Eg var spent, men blei veldig godt tatt i mot. Eg ser ikkje noko problem med alderen deira, dei er livlege, kjekke folk, og eg ser fram til å fortsetje i jobben, seier han.
– Koret betyr alt
Etter besøket i Oldedalen er Rakel trøytt og veldig glad for at ho har vore med på turen. Synging har vore viktig for henne heilt sidan ho var barn, då ho og mora pleidde å synge fleirstemmig i lag. Øvingane med Seniorkoret er noko ho set pris på.
– Det betyr alt. Det å vere i lag og å syngje. Samhaldet. Det er det kjekkaste eg har vore med på, og eg gler meg til kvar gong.