Hopp til innhold

Råd frå naboane: Hald dykk unna «Sogn»

Kva skal den tvangssamanslegne kommunen frå Nessane til Mannheller heite? I alle fall ikkje «Sogn», åtvarar Språkrådet. Det er fleire nabo-ordførarar samde i.

Leikanger

LEIKANGER: Skal ein følge praksisen frå samanslåingane på 60-talet kan Leikanger vere eit namn for den nye kommunen, meiner stadnamnekspert.

Foto: ALF VIDAR SNÆLAND

Både i sakspapira til Regjeringa og i pressemeldinga om at Balestrand, Leikanger og Sogndal skal slåast saman med tvang, er den nye kommunen blitt kalla «Sogn».

Det er også brukt som arbeidstittel, ifølge ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

No reiser fleire peikefingeren mot namnet. Som i debatten rundt den nye storkommunen i Sunnfjord, meiner Språkrådet at regionnamnet «Sogn» ikkje bør brukast.

– Vi er skeptisk til at «Sogn» skal brukast om tre av 12 kommunar. Det vil vere ei monaleg innsnevring av den tydinga som namnet har. Det kan få uheldige dobbeltfunksjonar, seier seksjonsleiar Daniel Ims i Språkrådet til NRK.

Daniel Ims

ÅTVARAR: Seksjonsleiar Daniel Ims i Språkrådet.

Foto: Christian Ingebrethsen / NRK

Nei frå naboane

Heller ikkje ordførarane i nabokommunane vil dele regionnamnet «Sogn»:

– Nei, dette vil eg seie klart ifrå om at eg er imot. Sogn er meir enn Balestrand, Leikanger og Sogndal. Det finst alternativ, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

– Sogn er eit godt namn, men dei bør gå saman og finne ut kva dei kan tenkje seg, før dei går for «Sogn», seier Vik-ordførar Olav Turvoll.

– Sogn kommune hadde vore heilt rett om alle kommunane slo seg saman. Men det gjer dei ikkje. Eg vil rå dei ifrå å bruke «Sogn», seier Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim.

Harald Offerdal, Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd

TRE BLIR TIL EIN: – Men bør ikkje bruke «Sogn», seier naboar og Språkrådet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vil lytte

Ordførar Jarle Aarvoll seier han ønsker råd frå innbyggarane.

– Eg trur at det er viktig å finne ut kva signal vi ønsker å gje omverda, kva namn som kjenneteiknar området Balestrand-Sogndal og kva namn andre kommunar eventuelt kan slå seg inn under seinare, om det blir aktuelt, seier Aarvoll.

Sekretær for stadnamntenesta på Vestlandet, Kjell Erik Steinbru i Språkrådet, minner om praksisen frå samanslåingane på 1960-talet.

– Den gongen valde fleire å skape kommunenamn etter sentralt liggande stadar i nye-kommunen. Slik sett kan det bli Leikanger. Leikanger har jo også region- og fylkesinstitusjonar i sitt sentrum, seier Steinbru.

Kjell Erik Steinbru

LEIKANGER? Stadnamnekspert Kjell Erik Steinbru i Språkrådet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Gaupne kommune

Forslaget var til dømes «Gaupne kommune» då Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman på 60-talet, truleg fordi staden låg sentralt i den nye kommunen.

I dag er Gaupne kommunesenteret, medan namnet vart endra til «Luster» i tolvte time av departementet, ifølge boka «Bygdene og folket» av Luster Ap.