Hopp til innhold

Raad vart årets idrettskvinne

Trude Raad (GFIL/Breimsbygda) er kåra til årets idrettskvinne av International Committee of Sports for the Deaf.

Trude Raad med to VM-gull

Trude Raad har levert ein kjempesesong. Denne er no krona med tittelen 'årets idrettskvinne'.

Foto: Jørund Årdal

Dette er ei høg internasjonal utmerking og ho tevla med utøvarar frå alle idrettar. Med andre ord ei særs god julegåve for kasttalentet frå Breim.

- Eg fekk nett vite det. Det har ikkje heilt gått opp for meg, men det gjer det vel etterkvart. Det er ein pris eg set veldig stor pris på, seier ho.

Den same utmerkinga for gutar gjekk til latviske Maris Grenins.

- Beste sesongen

Raad sikra seg to gullmedaljer i slegge og diskos då ho i august deltok i VM for døve i tyrkiske Izmir. 18-åringen sikra seg også ei rekkje medaljar og rekordar i konkurranse med funksjonsfriske. Ho kvalifiserte seg til junio-VM i juli og sette kvar einaset helg i august nye rekordar. I NM vart det sølvmedalje i slegge, diskos og kule, medan ho sikra seg alle gullmedaljene i junio-NM.

- Det var den beste sesongen nokosinne. Eg fekk dei beste resultata på store stemne, nådde måla mine om å ta juniorrekorden og å gå over 60 metersmerket, seier Raad.

- Heile verda

- Å få slike stipend og prisar motiverer til vidare satsing og stressar meg framover, held Raad fram og vedgår at det etterkvart har blitt mange slike motivasjonsfaktorar.

- Det manglar ikkje på det, nei. Men alle prisane betyr like mykje. Denne heng høgt. Sjølv om den er for døve, så er det for heile verda, seier ho.

Vil til EM

No ser ho framover mot sesongen 2009. Målet er å "kaste lengst mogleg", men Raad har også meir konkrete mål for sesongen.

- Eg tenkjer sjølvsagt mot junior EM. Då vil eg hevde meg mellom dei fem beste. Eg vonar å klatre høgare opp mot 63 meter i slegge. Men eg vil ikkje sette meg for høge mål. Går det bra i byrjinga av sesongen, justerer eg måla etterkvart, seier ho.