NRK Meny
Normal

Psykiatri-pasientar på gangen

Pasientar ved psykiatrisk klinikk i Førde har i sommar vore nøydde til å bu på gangen, noko som er i strid med regelverket.

Mangel på ressurser hindrer flere obduksjoner. (ill.foto)
Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Har kutta 20 sengeplassar

Ifylgje Astrid Gytri i landsforeninga for pårørande innan psykiatri, LPP syner dette at nedskjeringane innan psykiatri no går ut over pasientane.

- Dette har vi frykta lenge. Helse Førde har siste åra lagt ned til saman 20 plassar innan psykiatri, og det får konsekvensar. Og det ser vi no med at det er korridorpasientar ved akuttposten.

- Skremmande

For første gong sidan den psykiatriske klinikken vart opna i Førde, seier Gytri, har det i løpet av juni og juli har det vore åtte pasientar ved psykiatrisk avdeling som har vore nøydde til å bu på gangen. Dette er i strid med regelverket.

- Eg synes det er skremmande at dette blir lagt fram for styret, og så er det ingen som tek det opp som eit problem.

Skulle vere kortsiktig løysing

Ole Christian Reusch
Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Direktør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch, meiner dei har nok plassar og seier dette ein spesiell situasjon som oppstod i samband med ferieavvikling i sommar.

- Dette var ei kortsiktig løysing i samband med ferieavvikling.

- Men ved å ha korridorpasientar syner de vel at de har for få plassar?

- Det kan vere ein måte å sjå det på. Men vi kontrollerer ikkje kor mange pasientar vi får til akuttmottaket. Ved fereieavviling i kommunane kan det vere ein legevikar har lettare for å legge inn ein pasient enn ein erfaren lege ville gjort, hvis han var til stades, avsluttar Reusch.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast