Tore Thorsnes. Arkivfoto NRK
- Å skjelle ut småjenter er visst betre, seier Thorsnes. Han meiner det er katastrofalt at fotballkrinsen ikkje gir ei personleg straff til Jotun-trenar Odd Børge Nundal, som og er fotballformann i IL Jotun.
Truga med å rive øyrene av
Det var etter ein lillejentekamp mellom Jotun og Kaupanger at det rann over for Nundal. Han skal ifylgje Sogn Avis ha truga med å rive øyrene av dei, og kalla dei "forbanna dritungar".
Thorsnes kjefta på dommar
No har altså Sogn og Fjordane Fotballkrets reagert med å gje IL Jotun ei bot på 2000 kroner. Sjølv vart Tore Thorsnes utestengd i fem kampar etter at han skjelte ut ein dommar. Difor provoserer det han kraftig at Nundal ikkje får ei personleg straff. - Med andre ord er det heilt i orden å skjelle ut 11 og 12 år gamle jenter på ei fotballbane, medan det å kjefte på ein vaksen dommar ikkje er lovleg, seier Thorsnes.
- Streng nok reaksjon
Men leiar Tore Dvergsdal i Sogn og Fjordane Fotballkrets meiner reaksjonen mot Jotun er streng nok. Han meiner det ikkje går an å samanlikne dei to sakene.