NRK Meny
Normal

Prøvde å hjelpe dei skadde ut

Mange av bilistane som kom rett etter bussulukka i Fardal måndag ettermiddag prøvde å hjelpe dei tilskadekomne før redningsmannskapa kom på staden.

Bussulukke i Fardal

FLERRA OPP: Sida på den svenske bussen vart flerra opp i samanstøyten.

Foto: Anders Veberg / NRK

Jack Eggum frå Hermansverk var mellom dei første som kom til ulukkesstaden.

– Det var ein tre-fire bilar føre oss. Då vi gjekk fram såg vi at sida på den eine bussen var flerra vekk, førarstolen hengde nesten laust ut i lufta, og det sat fastklemde personar bak føraren.

– Resten av turistane var komne ut av bussen og var på plenen og vart behandla for kuttskadar.

Eggum og nokre andre prøvde å hjelpe til det dei kunne.

– Vi prøvde å dra ut denne stolen for å få fri den personen som sat fast, men det var ikkje så enkelt, så det vart ikkje gjort før brannmannskapa kom med ordentleg utstyr.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bussulukka i Fardal

HALVVEGES UT AV VEGEN: Slik vart rutebussen frå Nettbuss ståande.

Foto: Anders Veberg / NRK

– Litt kaos

– Etter kvart kom det fleire ambulansar og brannbilar frå Leikanger og Sogndal, og dei tok over jobben som folk frå privatbilane hadde gjort. Det var ganske dramatisk, når du kjem midt oppe i slike situasjonar så blir du påverka av det.

Jack Eggum seier det ikkje er lett å opptre kaldt og roleg når ein hamnar i ein slik situasjon.

– Det var litt kaos, folk sprang rundt og prøvde å hjelpe, det var mange bildelar i vegen mellom bussane, og det er grenser for kva du kan gjere. Det var ikkje så mykje vi kunne gjere med dei som sat fastklemde i bussen.

Jack Eggum

HEKTISK KVELD: Jack Eggum driv Sognefjord Hotel, som fekk ekstra gjester på grun av ulukka.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Jack Eggum er eigar av Sognefjord Hotell på Hermansverk, og han fekk ein hektisk kveld då han kom heimatt, for stenginga av vegen har ført til at mange turistar har teke inn på hotellet.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen