Hopp til innhold

Unge bilførarar mistenkte for rus

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann og i ei kvinne i 20-åra, samt ein mann i 40-åra, kan vente seg etterspel utanom det vanlege etter festligheitene påskeafta.

Mannen vart like over klokka 01 stogga i Innvik. Politiet tok mannen med seg til Stryn for å sikre seg blodprøve. Om mannen hadde promille, hadde han derimot ikkje noko gyldig førarkort som politiet kunne beslaglegge.

Knapt ein time seinare observerte politiet i Øvre Årdal ein bil i svært høg fart. Etter nærare kontroll viste det seg at kvinna bak rattet ikkje var edru. Kvinna, som er i starten av 20-åra, vart teken med til blodprøvetaking, medan førarkortet vart beslaglagd.

Søndag ettermiddag vart også ein mann i 40-åra stogga i Lærdal. Mannen fekk utslag på utandingsprøven og vart teken med til blodprøvetaking.