NRK Meny
Normal

Promillekøyrde med dottera i passasjersetet

Ei kvinne i 30-åra er dømd til 21 dagar i fengsel etter ein køyretur med promille i mars i år.

I retten forklarte nordfjordkvinna at ho den aktuelle fredagen hadde byrja å drikke vodka kring klokka 11.30 på føremiddagen. Ho slutta å drikke ein gong mellom klokka 13.30 og 14.

Ei stund etter klokka 14 sette ho seg i bilen for å køyre til butikken, med seg hadde ho den mindreårige dottera.

Mindreårig dotter i bilen

Då kvinna vart stogga av politiet hadde ho ein promille på 1,68. Retten finn det særleg skjerpande at kvinne hadde med seg dottera i bilen.

Det blir og synt til at køyringa skjedde i eitt tettbygd strok, og på eit tidspunkt på dagen ein måtte rekne med at det var mykje trafikk, også fotgjengarar.

Slepp fengsel

Retten har kome til at 21 dagar fengsel på vilkår er ei passande straff. Kvinna slepp å sone i fengsel på det vilkår at ho gjennomfører eit program mot rusa køyring i regi av Friomsorgen, Kvinna mister førarkortet for to år og må betale ei bot på 40 000 kroner.