Hopp til innhold

Promille og slagsmål

I løpet av natta måtte politiet ordne opp i slagsmål, og ta hand om ein bilførar dei meinte hadde køyrt i rusa tilstand.

Politi - (illustrasjon)

POLITIETNATTA: Måtte rydde opp i rus og ordensuro.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Det første politiet måtte rydde opp i, i natt var ei melding om slagsmål i sentrum i Sogndal. Då politipatruljen kom til staden hadde den eine parten allereie forlate staden, og den andre fekk beskjed om å gå.

Klokka 01.17 vart ein mann i 20-åra pågripen av politiet i Florø, mistenkt for køyring i rusa tilstand, og vart teken med for blodprøve.

Vel 20 minutt seinare måtte politiet ta hand om ein mann i 30-åra for ordensforstyrring i Sogndal sentrum. Mannen var godt rusa og vart sett i arrest.

I Måløy vart ein fest så lystig at politiet påla festdeltakarane å bli stille.

Klokka 02.40 fekk politiet melding om at ein godt rusa mann på 18 år hadde tatt seg inne ei leilegheit i Sogndal og lagt seg til å sove. Dei som budde der vekte han og køyrde han heim, opplyser politiet på Twitter.