Hopp til innhold

Prisdryss over NRK Sogn og Fjordane

NRK-journalist Bård Siem er tildelt årets pressepris i Sogn og Fjordane for saka om mobbing i Fellesforbundet.

Olav Øygard og Linda Olin Reite

PRIS: Vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane, Linda Olin Reite (t.h.), mottok prisen på vegne av journalist Bård Siem. Olav Øygard stod for utdelinga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Prisen vart delt ut under Sogn og Fjordane journalistlag si haustsamling på Skei hotell i Jølster.

Siem har tidlegare fått heiderleg omtale for saka om Sunnmøre rådmannslag.

– Dette var kjempekjekt, men også ein pris eg vil dele med både gode kollegaer og ikkje minst leiinga som har gjeve meg moglegheit til å arbeide fritt med saka. Det er avgjerande for å til slike saker, seier Siem.

– Grundig journalistikk

Bård Siem

GRUNDIG: Bård Siem fekk pris for grundig journalistikk.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Gjennom NRK fortalde tre ulike tilsette i Fellesforbundet om mobbing og trakassering frå den lokale leiaren. Ein medarbeidar har mista jobben etter at han fortalde om den.

Juryen, beståande av Sølve Stang, Dag Nestegard og Else Gro Ommundsen, skildrar saka som god journalistikk.

– Den skal skape debatt. Og nettopp denne saka går veldig til kjernen i eit grunnprinsipp: Eit fagforbund skal kjempe for rettane til sine medlemer. Difor er det ein enorm kontrast når NRK avslører at det er sentrale krefter i sjølve forbundet som plagar og mobbar sine tilsette, skriv dei.

Stolt redaktør

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen.

STOLT: Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I same kategori fekk også Simon Solheim, også han frå NRK Sogn og Fjordane, heiderleg omtale for saka om Hammer MC/Hog Riders MC i Florø sine band til Hells Angels.

– Eg er veldig nøgd med pris for grundig undersøkjande journalistikk. Det er velfortent etter godt arbeid, og bra for oss som har sagt vi skal gi rom for den type journalistikk, meiner distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen.

– For oss som redaksjon betyr dette ganske mykje. At mange set stor pris på det vi gjer, og at vi får annerkjennelse for det som er gjort, legg han til.

Kulturpris til Lutt-karane

Øystein Torheim

FOTOPRIS: Øystein Torheim frå Eid fekk journalistlaget sin fotopris for 2011.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– På same tid er det velfortent at Stein Jarle Aase og Stian Sjursen Takle får noko heider for jobben dei har gjort for lokalmusikken, legg Sanne-Gundersen stolt til.

Duoen i luttredaksjonen vart heidra med ein berre-for-i-år-oppretta Kulturpris. Etter at Lutt starta i det små for seks år sidan, har konseptet vakse seg større og større.

– Stein Aase og Stian Sjursen Takle har gjennom intervju og satsing gjort fylket kjent med den allsidige musikkbransjen i Sogn og Fjordane. Dei har sett søkelyst på problemstillingar, talent og utfordringar, skriv juryen.

Frå venstre Linda Olin Reite, Stian Sjursen Takle og Rune Fossum.

NØGDE: Linda Olin Reite (t.v.), Stian Sjursen Takle og Rune Fossum. Sistnemnde tok imot prisen på blome på vegne av Simon Solheim.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fantastisk

Sjursen Takle tok imot prisen på vegner av Lutt.

– Det er fantastisk å få tildelt ein slik ekstrapris frå kollegaer. Det må seie det varma å vite at det vi gjer for å synleggjere samfunnsoppgåva til NRK på kultursida, blir lagt merke til av hardtslåande journalistar, seier ein stolt Aase og fortel at genuin interesse for musikken er drivkrafta bak arbeidet.

Omfattande konsept

– Då vi starta for seks år sidan var det veldig lite fokus på den delen av kulturlivet i fylket vårt. Og det er ikkje tvil om at det er utruleg mykje god musikk der ute. Vi tykte at desse artistane fortente meir merksemd, fortel Aase.

I dag er Lutt både eit radioprogram, dei er hitlista Fylkestoppen, har eigen nettportal og arrangerer fleire livkonsertar med lokalmusikk. I år vart det arrangert eigen hyllest-konsert til Olav Stedje.

– Vi jobbar stadig med å utvikle både radio og nettkonsept. Vi ser nye moglegheiter, men det vil alltid handle om artistar frå Sogn og Fjordane, seier Aase.