Hopp til innhold

"Søsken til evig tid" vann publikumspris - regissøren er overvelda

Dokumentaren «Søsken til evig tid» har fått Filmwebs publikumspris. Regissør Frode Fimland er overvelda over mottakinga filmen har fått – allereie før premieren fredag.

En av trailerene til Søsken til evig tid.

Ein av trailerane til Søsken til evig tid.

Prisen er ein marknadsføringspakke på 75.000 kroner, skriv Bergen internasjonale filmfestival på sine nettsider.

– Det er fantastisk å høyre, seier regissør Frode Fimland.

Han var tysdag kveld på veg heim til Bergen etter å ha vore på førpremieren av filmen i Sogndal.

– Eg fekk vite om det rett før førestillinga skulle byrje. Det er heilt fantastisk. Ein publikumspris er ein konkurranse der vi konkurrerer i alle sjangrar, så det er heilt utruleg at vi har fått den prisen, seier Fimland.

Fekk ståande applaus på filmfestival

«Søsken til evig tid» er ein dokumentarfilm av Frode Fimland frå Naustdal. Filmen handlar om søskenparet Oddny og Magnar som driv familiegarden på Kleiva i Sunnfjord i same tradisjon som generasjonar har gjort før dei.

Filmen vart vist to gonger førre helg under Bergen internasjonale filmfestival. Begge utstillingane var utselde, og tilbakemeldingane var svært gode. Men at dei skulle dra i land publikumsprisen, hadde ikkje Fimland tort å drøyme om.

– Nei, eg har ikkje tenkt på prisar i det heile. Alt har gått i førpremiere og lansering. Men eg var på første førestillinga på filmfestivalen, og det gjer inntrykk når ein får ståande applaus, seier Fimland.

Opplever massiv pågang på Facebook

Han legg ikkje skjul på at det gjer inntrykk på han, at folk tek så godt i mot filmen.

– Lagar du film og skal fortelje ei historie, så har du ein buskap du ønskjer å nå fram med. Viss historia vår om søsken til evig tid kan vere med å fengje eit stort publikum, så er det berre utruleg og fantastisk. Vi føler at vi har nådd ut, seier Fimland.

Han opplever massiv pågang på Facebook, der publikum frå heile landet dagleg stiller han spørsmål om når filmen kjem til ein kino nær dei, og korleis dei kan skaffe seg billettar.

– Engasjementet er utruleg stort, seier Fimland.

Førpremierane har vore heilt fulle, i Sogndal bar dei endåtil inn ekstra stolar, men likevel var det publikummarar som ikkje fekk plass.

– Det er overveldande, seier Fimland.

Hadde aldri drøymt om noko slikt

Han kjenner ikkje til førehandssalet til premieren 1. november.

– Eg har ikkje rukke å sett på det. Vi har ei førpremiere att i Oslo i morgon. Men at vi får med oss ein publikumspris til Oslo er veldig positivt, og blir lagt merke til, seier Fimland.

Då han først tok til å leike med tanken om å lage film om søskenparet på Kleiva, hadde han aldri drøymt om ei slik mottaking.

– Hadde du spurt meg i juni i år, så hadde eg heller ikkje drøymt om det. Det har skjedd i ei slik fart at vi har ikkje rukke å tenkje i det heile, seier Fimland.

30. juni fekk dei ja frå Norsk Filminstitutt til ein kinoproduksjon.

– Etter det har vi berre jobba for å få lansert han på kino. Det er hardt arbeid, og vi ser no at vi har ein film vi kan nå ut med. Vi er i ferd med å skape noko, og det er kjempehyggeleg, seier Fimland.