Hopp til innhold

Forskar presenterer lite lystig analyse av fylket

Svakast på befolkningsvekst og utvikling av arbeidsplassar. Telemarksforsking sin analyse av Sogn og Fjordane er nedslåande, men ikkje kolsvart, lesnad.

Knut Vareide

MAGER TRØYST: Knut Vareide er meir positiv til fylket, enn det rapporten hans er. – Eg har vore ein del der, og inntrykket er at det skjer mykje positivt i Sogn og Fjordane, seier han.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er eitt av fylka som ikkje har vekst, og som har svakast utvikling både i tal arbeidsplassar og innbyggjarar, seier mannen bak rapporten, Knut Vareide i Telemarksforsking.

Negativ spiral

For Sogn og Fjordane er størst på industri, landbruk og fiske, som også har opplevd sterkast nedgang siste åra. Frå 2000 til 2013 forsvann nær kvar fjerde arbeidsplass i desse næringane.

– Fylket har vore veldig uheldige med næringsstrukturen dei siste åra, seier Vareide og vedgår at dette har sendt oss ut i ein negativ spiral.

– Det svekkjer etterspurnaden mot dei andre næringane, gir færre arbeidsplassar og ein del unge menneske flyttar ut, seier han.

Positivt i Gulen

Hallvard Oppedal

ORDFØRAR: Hallvard Oppedal (Sp) representerer eitt av lyspunkta i analysen.

Foto: Gulen kommune

Om rapporten ikkje er noko lystig lesnad, så er likevel ikkje alt kolsvart. Ut frå føresetnaden har næringslivet prestert som venta, og utviklinga er mykje lik den vi ser i til dømes Hordaland, utanom Bergen.

Og i Gulen kan Hallvard Oppedal (Sp) gle seg over å vere ordførar i ein kommune som merkar seg positivt ut med 26 prosent auke i private arbeidsplassar frå 2008 til 2013.

– Det er ikkje overraskande, for vi har mange gründerar som satsar stort. Spesielt i søre delen av kommunen. Så vi har fått opp veldig mykje arbeidsplassar siste åra, seier han.

– Ikkje til å unngå

Ordføraren skulle likevel sett fleire innbyggjarar.

– Men vi held oss omtrent på det same, og har litt vekst. Så vi demmer opp for ein nedgang som vi ser i andre kommunar i fylket, legg han til.

Jan Heggheim

FYLKESDIREKTØR: Jan Heggheim meiner utviklinga ein ser i tal arbeidsplassar er ei naturlov, som ein ikkje kan gjere noko med.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, meiner nedgangen innan landbruk og industri ikkje er til å unngå.

– Bønder og leiarar i industriverksemder jobbar veldig hardt for å produsere mest mogleg, med færrast mogleg hender. Det betyr i utgangspunktet at færre blir sysselsette, men at omsetnad og produksjon går opp, seier han.

Fleire arbeidsplassar

I transportbransjen er det sidan 2000 skapt 186 nye arbeidsplassar. Det er med på å gjere biletet av Sogn og Fjordane meir grått – og mindre svart.

– Vi må skape fleire arbeidsplassar i verksemdene som har nasjonal og internasjonal vekst. Det er i veldig stor grad dei tenesteytande næringane, IKT, helse, ingeniørtenester og ikkje minst bygg og anlegg, seier han.

Mangel på nye arbeidsplassar heng tett i hop med den svake veksten i folketalet. Vareide har berre ei løysing for framtida.

– Den ligg på å få til ei positiv næringsutvikling og skape vekst i næringslivet att.

– Kva om ein ikkje klarer det?

– Då får du ei utvikling som i dag, med gradvis nedgang i innbyggjartal og arbeidsliv.