Hopp til innhold

Gåvedryss til dei som bidreg til folkefest

Når Tour des Fjords kjem til fylket neste år ynskjer Sparebanken Sogn og Fjordane liv og røre for ein million kroner.

Tour des Fjords 2015

MÅLPASSERING: Her frå 5. etappe av sykkelløpet Tour des Fjords 2015, ved innspurten i Stavanger sentrum der Edvald Boasson Hagen (t.v.) vann.

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Fylkesbanken stiller med ein million kroner til disposisjon frå sparebankstiftinga, som lag og organisasjonar kan søkje på.

Søknadsfristen er 1. september.

– Dette er eit godt høve til å skape merksemd om heimbygda og laget sitt eller organisasjonen sin, seier Gunn Aase Moldestad i Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Gode opplevingar

I mai vart det klart, den norske utgåva av Tour des France, Tour des Fjords, kjem til Sogn og Fjordane neste år.

Etappen startar i Balestrand og tek syklistane over Gaularfjellet til Moskog, rundt Jølstravatnet og målpassering i Førde.

Tour de Fjords Sogn og Fjordane
Tour des Fjords

VIL HA LIV: Dagleg leiar av Tour dess Fjords, Roy Hegreberg, meiner fylket er godt eigna for sykkeletappen.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Etappen frå Balestrand til Førde er noko av det mest spennande Vestlandet har å by på når det kjem til variert natur. Dette vil skape gode opplevingar for både ryttarar, TV-sjåarar og publikum langs løypa, sa dagleg leiar i Tour des Fjords, Roy Hegreberg

Brei TV-dekning

Pål Fidjestøl

KREATIVITET: Pål Fidjestøl seier dei ikkje berre ynskjer seg søknader frå kommunane der sykkelrittet går igjennom.

Foto: Anna Gytri / NRK

TV2 sender fire timar frå etappen, med sending både før, under og etter etappen. Under fjorårets utgåve følgde kring ein millionar norske TV-sjåarar sendingane. Rittet fekk også TV-dekning utanfor landegrensene.

Prosjektleiar Vidar Slettehaug hos Sunnfjord Næringsutvikling ynskjer seg ein folkefest.

– Folkeliv og engasjement langs løypa er ein suksessfaktor for oss som arrangør og vil vere med på å løfte opplevinga endå nokre hakk, seier han.

Fylkesprosjekt

Moldestad håpar lag og organisasjonar let kreativiteten springe løpsk for å gjere både arrangementet og TV-dekninga så god som mogleg. Ho legg også til at Tour dess Fjords er eit godt prosjekt for heile fylket.

– Gjennom TV-dekninga får ein vist fram fylket vårt og næringslivet for eit stort publikum, seier ho.

Tour des Fjords 2015

MÅLPASSERING: Her frå 5. etappe av sykkelløpet Tour des Fjords 2015, ved innspurten i Stavanger sentrum der Edvald Boasson Hagen (t.v.) vann.

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Først i september bestemmer det internasjonale sykkelforbundet når etappen blir.

– Uansett kor tid rittet går, er eg trygg på at vi skal lage eit godt arrangement og ein folkefest, seier Slettehaug.

Alle kan søkje

Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane seier søknadane ikkje er avgrensa til berre dei kommunane som rittet går gjennom.

– Her kan alle lag og organisasjonar i fylket som ønskjer det søkje. Kreativitet og nytenking når det gjeld kva ein vil finne på langs løypa vil bli prioritert når vi vurderer søknadane, avsluttar han.