Hopp til innhold

Prekær maskinistmangel

Reiarlag langs heile norskekysten slit med å få tak i fagfolk. Mellom anna ligg redningsskøyta til kai i Måløy fordi den manglar maskinist.

Redningsskøyta Det norske Veritas
Foto: Redningsselskapet

Dei få som blir utdanna vel å arbeide i offshorenæringa.

- Dette er ein konkurranse alle mot alle. Det blir ein runddans som det er vanskeleg å møte. Dei som betalar best får mest folk, seier maritim direktør i Redningsselskapet, Svein Jarle Hambre.

Ropar varsku

Mangel på mannskap er eit av dei store problema lang kysten. Heile næringa slit med å skaffe nok kvalifiserte folk. No ropar dei varsku. Det blir utdanna altfor få sjøfolk i dag. Og største mangelvara er maskinistar med høg utdanning.

- Både vi i Redningsselskapet og andre driv avanserte hurtiggåande farty som krev maskinsertifikat nesten av dei aller største. Det er offshorenæringa som stikk av med mest folk, det er dei som betalar best og som har dei beste fritidsordningane, seier Hambre.

Redningsskøyta til kai

For Redningsselskapet betyr dette at fire farty ligg til kai. Skipper på redningsskøyta "Det norske Veritas", Steinar Dimmen, kjem seg ikkje frå kai i Måløy. Der har han lege sidan torsdag føremiddag.

- Ikkje svekt beredskap

Redningsselskapet påpeikar at beredskapen ikkje er svekt. Redningsskøyta "Platou" ligg i beredskap, men Hambre meiner det er viktig å seie frå før det går gale.

- Vi må rope eit varsku, for det blir ikkje betre når det ikkje blir utdanna folk. Då seier det seg sjølv at det ikkje blir folk til desse stillingane.