Hopp til innhold

Postkassen får ikkje vere i fred

Postkassen til familien er sprengd tre gonger. No ber politiet om tips.

Postkasse

Arkivfoto

Foto: Anne Linn Ensby / NRK

Og familien er ikkje åleine. I alt sju gonger dei siste månadene har folk i Gaular funne postkassane sine sundsprengde, skriv firda.no .

- Det skjer seint på natta og for det meste i helgene, seier lensmann Svein Rød.

Langt frå husa

Dei fleste tilfella har vore i området Sygna - Døskeland, men det har og vore eitt tilfelle på Grytås. Felles for alle postkassane er at dei står langs riksvegen eller E39 og med god avstand til bustadhusa.

På veg heim frå fest?

- Sidan det skjer svært seint på natta og i helgene kan det vere nærliggande å tru at det er folk på veg heim frå utestader i Førde som gjer dette, seier Rød til NRK Sogn og Fjordane.