Rådgjevar i Posten Rune Langeland meiner det er urimeleg at posten må kjøpe ferjetransport over Sognefjorden.
- Det har vært ein ambisjon frå politisk hald å styrkje riksvegsambandet, også på nattferjetrafikken. Men vi har ikkje opplevd at tilbodet på denne strekninga har blitt nokre betre, seier Langeland.
Ber om ekstra avgang
Foto: NRK
Det går ikkje ferje frå klokka kvart på tre om natta til klokka seks om morgonen på strekninga Lavik-Oppedal i dag. Det skaper trøbbel for Posten. I eit brev til Statens Vegvesen ber dei om at det blir etablert ein ordinær avgang frå Oppedal klokka halv fem om natta måndag til laurdag.
- Det er heilt avgjerande for å postdistribusjonen til Sogn og Fjordane at vi har gode rutetilbod, seier Langelang.
Ein million i året
Posten Norge har betalt nær 1 million kroner i året for den ekstra turen som ferja tek om natta. Dessutan kan andre trafikantar bruke avgangen som posten betaler. Langeland meiner det er urimeleg at posten skal betale.
- Vi vil nok sørgje for at postmottakarane i Sogn og Fjordane får posten når dei skal, men vi vil arbeide vidare med dialogen med Statens vegvesen for å få til fleire avgangar om natta, seier Langeland.
Lita tru på nattferje
Saksbehandlar i Statens Vegvesen, Tormod Nag, seier det er snakk om prioriteringar, og han har lita tru på at dei vil få til fleire avganger om natta over Sognefjorden.