Hopp til innhold

«Parken er verdt kvar ei krone»

– Her kan vi lese til eksamen og sjå på damer. Kan det bli betre? undrar studentane Tore Mikal og Kristian. To av mange som finn vegen til sentrumsparken i Sogndal.

Dei er slett ikkje aleine i sentrumsparken i Sogndal. Over alt sit det folk, gamle som unge, og nyt godveret.

– Parken er kjempeviktig for bygda, sjølvsagt for oss studentar, men det er berre å sjå kring seg. Alle er jo her, smiler dei to studentane.

Men det var slett ikkje sjølvsagt at det skulle bli nokon park i det som lenge var eit grått og trist parkeringsområde. Det var mykje strid kring etableringa av sentrumsparken tidleg på 2000-talet.

Dyr investering

Frontane var steile, ikkje minst fordi etableringa av parken var ei dyr investering i ein kommune med stram økonomi.

Løysinga vart eit spleiselag, der parkeringsinntektene til kommunen og fondsmidlar vart den økonomiske berebjelken.

Totalt kom prislappen på kring 12 millionar kroner, og i desse dagar driv kommunen og tek opp att arbeidet med fonteneanlegget som lenge har vore ute av funksjon.

Få kritiske røyster

I dag har dei kritiske røystene stilna, meiner Ap-veteran Arvid Stenehjem. Som lokalpolitikar har han vore med på prosessane som leia fram å bli ei grøn lunge i trafikktunge Sogndal sentrum.

– Parken er verdt kvar krone, det er heilt sikkert. Eg trur alle gler seg no over dette her og ser at dette er eit tiltak som vi som regionkommune er nøydd til å gripe tak i. Denne parken er resultat av innsatsen til mange før meg, som var med og sikra at dette området ikkje vart bygd ut på andre måtar, seier Stenehjem.

Mykje aktivitet

Mellom to av trea i parken driv student Åsne og strammar opp ei slak line saman med ein kamerat. Rundt står nyfikne ungar og føl med, dei har og lyst å prøve.

– Eg synest parken er veldig viktig. Det er ein veldig fin plass å kome og slappe av, slik som no når vi les til eksamen, så er det veldig godt å kome her etter skulen. Her kan vi tenkje på heilt andre ting. Det er veldig fint å vere her, masse folk og god stemning, slår studenten fast før ho balanserer vidare i godveret.

Bøker og damer

For studentane Tore Mikal og Kristian handlar det meste om eksamen desse varme maidagane. Eller gjer det det?

– Altså ... Vi tek med oss bøkene hit til parken kvar dag, men vi må vel innrømme at det mest vert eit alibi for å kunne gøyme oss bak solbrillene og sjå på damene, gliser dei.